Lars Torstensen Tønsager

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lars Torstensen Tønsager
Fødd 1788
Død

27. mai 1873

Lars Torstensen Tønsager (14. november 178827. mai 1873) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Eidsvoll.

Han var frå garden Tønsager i Eidsvoll, og overtok i si tid garden etter far sin. Frå 1837 til 1841 var han den fyrste ordføraren i Eidsvoll, og var ordførarar att frå 1843 til 1851. Han hadde ei rekke kommunale verv, var med i forlikskommisjonen, forvalta kornmagasinet i bygda, og skipa Eidsvold Sparebank i 1848. Han stod dessutan i brodden for kampen eidsvollsbøndene førte mot «sølvskatten», eit bankinnskot som det i 1816 vart pålagd folk å betale i gull eller sølv, seinare i pengesetlar, for å skaffe den nyskipa Noregs Bank eit grunnfond på to millionar spesidalar.

Tønsager representerte Akershus amtStortinget frå 1830 til 1832, og frå 1839 til 1859. I 1833 møtte han som varamann til Stortinget i staden for den valde representanten Laurentius Borchsenius. Han vart då medlem av Lagtinget, som han òg var på alle Stortingssamlingane han tok del i seinare.

Tønsager vart i 1830 medlem av Bankkomiteen, og var medlem av Bankkomiteen og valkomiteen på Stortingssamlingane i 1839, 1842, 1845 og 1848. I 1848 vart han i tillegg medlem av finanskomiteen, statslånkomiteen og av komiteen for løyvingar til eventuell krig. Han støtta eit omstridt framlegg i Stortinget om å auke sølvfondet i Noregs Bank med ein million spesidalar, men dette vart ikkje vedteke.

I 1851 vart Tønsager formann i Bankkomiteen som den fyrste bonderepresentanten som nokon gong hadde vorte formann i ein stortingskomité. Han medverka til at Kongeriget Norges Hypothekbank vart skipa det same året for å lette gjeldsproblema for bøndene.

Tønsager vart, i eigenskap av stortingsrepresentant i tida 1830–32 og 1839–51, kjend for sin sterke personlegdom, og for at han vart meir og meir konservativ med åra. Han var krass i si omtale av thranittane og gjekk aktivt mot petisjonen frå arbeidarmøtet i 1851, det såkalla «Lilletinget», som skulle vere thranittarrørslas folkelege motsetnad til Stortinget. Han var òg ein krass motstandar av venen Henrik Wergelands kamp for å oppheve dåverande § 2 i Grunnlova som nekta jødar å opphalde seg i Noreg, og vart kritisert av Wergeland for denne haldninga.

Tønsager døydde på Eidsvoll i 1873.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]