Lars Vaular

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Vaular

Statsborgarskap Noreg
Fødd 20. september 1984 (39 år)
Bergen
Yrke låtskrivar, songar, rappar, plateartist
Nettstad http://www.larsvaular.no
Lars Vaular på Commons
Lars Vaular i Stavanger 2010

Lars Nesheim Vaular (fødd 20. september 1984) er ein rappar og låtskrivar frå Åsane i Bergen. Han har rappa på bergensk sidan 2003 og har tidlegare arbeidt saman med Tungtvann, Side Brok, Jan Eggum, Fjorden Baby! og John Olav Nilsen & Gjengen.

Lars Vaular er fetter av artisten Sondre Lerche.

Vaular debuterte som soloartist med La Hat i 2007. Då hadde han har fleire utgjevingar bak seg i duoen Tier’n & Lars. Den 4. mai 2009 kom han med sitt andre soloalbum D'e glede (Kor vil du dra i dag?). I 2009 hadde han tre hitsinglar og vart nominert til Spellemannprisen 2009 i klassa hip-hop for D'e glede. 3. mai 2010 kom Helt om natten, helt om dagen, som den første av platene hans med nasjonal distribusjon og promotering (Bonnier Amigo). Det siste albumet hans heiter Du betyr meg.

Diskografi som soloartist[endre | endre wikiteksten]

  • La Hat... Et nytt dagslys (2007)
  • D'e glede (Kor vil du dra i dag?) (2009)
  • Helt ute på EP (2010)
  • Helt om natten, helt om dagen (2010)
  • Du betyr meg (2011)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referanse[endre | endre wikiteksten]