Lars Vivelid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lars Vivelid
Statsborgarskap Noreg
Fødd 30. september 1903
Død

22. november 1987 (84 år)

Yrke kunstmålar, skribent

Lars Vivelid, (30. september 190322. november 1987), var ein norsk forfattar og målar frå Hardanger. Lars Vivelid voks opp i fjellgrenda der namnet hans kom ifrå, Vivelid i Eidfjord. Han hadde tre sysken som alle voks opp på Vivelid, blant dei biletkunstnaren Kari Vivelid. Garden Vivelid ligg i utkanten av Hardangervidda.

Som forfattar debuterte Vivelid i 1965 med Små glimt frå store vidder, der han skreiv ned sine skildringar av fjellvidda. Vivelid skreiv både forteljande stoff frå villmarka, romanar og barnebøker. Vivelid skreiv på nynorsk.

Vivelid var også ein dyktig målar, og måla ofte motiv frå vidda med fjell, vatn og reinsdyr. Han har mellom anna måla veggmåleria i matsalen til Vivelid Fjellstova som kan sjåast den dag i dag på Vivelid. Lars var gift med Kristina, og det er dottera og svigerson til Lars Vivelid som i dag driv fjellstova.

Lars Vivelid flytte ifrå grenda i 1982, og døydde 5 år etter, i 1987.

I 1984 gav Arvid Møller ut ein biografi om Lars Vivelid. Boka fekk namnet Veidemann på vidda - en bok om Lars Vivelid på Hardangervidda.

Eit utval bøker av Lars Vivelid[endre | endre wikiteksten]

  • Små glimt frå store vidder (1965)
  • Frå villmarker vide (noveller) (1966)
  • Nye glimt frå gamle vidder (1967)
  • Frå veglause villfjell (1967)
  • Nornone spann svart gjennom netter (1968)
  • Ingen kan frå fyreloga fly (1969)
  • Fjord er veg millom frendar (1970)
  • Langs blodfar på villfjell: forteljingar (1971)
  • Skrik i villmarksnetter: forteljingar (1972)
  • Bjørndalssvarta: forteljing (1973)
  • Den store hannjerven: dyresoge frå Hardangervidda (1974)
  • Dyra-Pær og trollbukken (1975)
  • Frå burtgøymde dalar: dyresogor frå fjøre til fjell (1976)
  • Vegane falla so vide (1977)
  • Storfiskaren og andre forteljingar for born (1977)
  • Attergangar på attgrodde stigar (1977)
  • Vesle-Olav i dyreskog (1978)
  • Skatten i Andershola (1979)
  • Det hende kring Skinnarfjell (1979)
  • Safari på Hardangervidda (1980)
  • Hunden Vilter (1980)
  • Ny safari på vidda (1981)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]