Larshølet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Larshølet eller Larshullet er ei karsthole i Rana kommune i Nordland, kalla opp etter Lars Bjønnes, som fann hòla i 1870-åra.

Grotta er kring 3 km lang og 326 meter djup. Ho vart først skildra av geologen Gunnar Horn i 1947, og vart vidare utforska tidleg i 1950-åra. Larshølet var på den tida ei av dei djupaste kjende karstholene i verda. Larshølet er i dag freda og stengt for ålmenta.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]