Larvesekkdyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Appendicularia» omdirigerer hit. For planteslekta, sjå slekta Appendicularia.
Larvesekkdyr
Systematikk
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Kappedyr Tunicata
Klasse: Larvesekkdyr Appendicularia

Larvesekkdyr eller halesekkdyr (Appendicularia) er ein klasse av frittsymjande kappedyr. Dei er minst av alle kappedyra og har oftast ein lekam med ei lengd på 1–3 millimeter, og ein hale som er 6-7 gonger so lang. Dei økslar seg kjønna.

Symjehalen til larvesekkdyr er avstiva av ryggstrengen og har sterke musklar og ein nervestreng på ryggsida. Larvesekkdyr skil seg frå sekkdyr og salpar ved at dei vaksne individa liknar på dei unge individa.

Larvesekkdyr nyttar eit hus av cellulose og protein med opningar til å fanga småe organismar som det et. Dette huset vert jamleg bytt ut. Husa til dei fleste artane har diametrar på 4-38 mm.

Kjempelarvesekkdyr i slekta Bathochordaeus er stort sett ein storleiksorden større enn dei fleste andre larvesekkdyr og kan ha totale lengder på 3-10 centimeter. Husa deira kan vera større enn 1 meter i den største dimensjonen.

Truleg finst det kring ti artar av larvesekkdyr i norske sjøområde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«halesekkdyr» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 24. desember 2018.