Larysa Berezjna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Larysa Berezjna
Statsborgarskap Ukraina, Sovjetunionen
Fødd 28. februar 1961 (60 år)
Kiev
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1992

Larysa Berezjna (fødd 28. februar 1961) er ein ukrainsk tidlegare lengdehoppar frå Kiev. Ho vann VM-bronsen i øvinga i 1991 som representant for Sovjetunionen og VM-sølvet i 1993 som representant for Ukraina.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Berezjna hoppa i februar 1989 heile 7,20 meter ved eit hallstemne i Homjel i dagens Kviterussland. Ein månad seinare nådde ho 6,82 m og fekk bronsen ved hall-EM i Budapest. I europameisterskapen 1990 i Split hoppa ho 6,93 m og enda på fjerdeplass, ein centimeter bak bronsemedaljøren. Eit halvt år etter vann ho lengdetevlinga i hall-VM 1991 i Sevilla med eit bestehopp på 6,84 m, to cm lengre enn favoritten Heike Drechsler.

Den 25. mai 1991 i spanske Granada presterte med 7,24 meter Berezjna sitt livsbeste. Trass i eit hopp på 7,11 m ved Friidretts-VM 1991 i Tokyo, måtte ho sjå seg klart slått av av Jackie Joyner-Kersee og Heike Drecshler. Vinteren 1992 landa Berezjna på 7,00 m ved hall-VM i Genova og vann ein klar siger. Under Sommar-OL 1992 i Barcelona sleit ho med skade og gav opp i kvalifiseringa etter eit mislykka hopp. I sitt siste store meisterskap, Friidretts-VM 1993 i Stuttgart, sikra ho seg sølvmedaljen.

Berezjna vart i 1989 sovjetmeister og i 1993 ukrainsk meister i lengdehopp.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]