Laskarina Bouboulina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laskarina Bouboulina
Λασκαρίνα Μπουμπουλίνα, Laskarína Bouboulína
20090730 spetsai074.jpg
Byste av Laskarina Bouboulina ved huset hennar i Spétses
Fødd11. mai 1771
FødestadKonstantinopel
Død22. mai 1825
DødsstadSpétses
Rangadmiral
Einingden greske marinen

Laskarina Bouboulina (177122. mai 1825) var ein gresk marinekommandant og ei krigsheltinne i den greske sjølvstendekrigen i 1821, rekna som den fyrste kvinna som fekk rangen admiral.

Ho var fødd i Konstantinopel i 1771 i ein familie av arvanittisk opphav. I løpet av ungdommen utvikla ho ei interesse for segling, noko som blei tilrettelagt av den liberale haldninga stefaren hadde i høve til utdanning. Ho blei enke to gongar, og arva ein betydeleg sum pengar frå den andre ektemannen sin. Ho blei seinare med i det hemmelege samfunnet Filiki Etaireia, som freista å oppnå gresk sjølvstende frå Det osmanske riket, som ei av få kvinner. Etter utbrotet av den greske sjølvstendekrigen hadde ho kommando over ein flåte av skip frå Spétses som deltok i fleire kampanjar, mellom dei omleiringa av Nafplion.

Etter at hennar fraksjon blei overvunnen i den greske borgarkrigen i 1824 blei ho utvist til Spétses og sat ei kort tid fengsla grunna falske klagemål. Ho blei drepen 22. mai 1825 under ein familiekonflikt.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Brev frå Laskarina Bouboulina frå 1824.

Bouboulina blei fødd i 1771[1] i Konstantinopel. Ho stamma frå den lokale innfødde gruppa av arvanittar frå øya Ýdra.[2][3] Far hennar var Stavrianos Pinotsis, ein kaptein frå Ydra, og mor hennar var Skevo Kokkini. Osmanarane hadde fengsla Pinotsis for delen hans i det mislukka Orlov-opprøret i 1769–1770 kort tid etter at dotter hans blei fødd. Han døydde ikkje lenger etter, og mor og barn venda attende til Ydra. Familien til Bouboulina flytta til Spétses då ho var fire år gammal. Mor hennar gifta seg seinare opp att med spetsioten Dimitrios Lazarou-Orlov. Lazarou hadde tidlegare kombinert slektsnamnet sitt til Lazarou-Orlov til minne om deltakinga si i Orlov-opprøret, og for å erklæra lojaliteten sin til Russland. Bouboulina voks opp saman med halvsyskena sine. Som ung sette ho pris på å symja, fiska, ri, segla og synga kleftarsongar. Stefaren hennar oppmuntra interessa hennar for segling vidare enn det som var akseptert for kvinner på den tida, ei haldning som er blitt tillagd beundringa hans for den russiske keisarinna Katarina den store. Heimen hennar hadde eit bibliotek med ei rekkje bøker frå opplysingstida, som verk av Friedrich von Schiller og Voltaire.[4][5]

Ho blei gift med kaptein Dimitrios Yiannouzas,[6] som ho fekk tre barn med. Yiannouzas drukna under ein kamp mot sjørøvarar frå Algerie. Seinare gifta ho seg opp att med den rike skipseigaren og kapteinen Dimitrios Bouboulis, som ho tok etternamnet til. Bouboulis omkom òg i kamp mot algeriske sjørøvarar den 10. mai 1811 utanfor Lampedusa. Bouboulina tok over eigedelane og verksemda hans, mellom anna delar i andre skip frå Spétses. Ho reiste til Konstantinopel i 1814. Osmanarane var bevisste formuen Bouboulina hadde arva frå mannen sin, og leita etter ein grunn til å beslaglegga han i 1816. Dei argumenterte for at eigedelane til Bouboulis måtte gå over til staten ettersom han hadde kjempa på russisk side under den siste russisk-tyrkiske krigen. Bouboulina kom tilbake til Konstantinopel i 1816 for å argumentere for saka si, og fekk hjelp frå den russiske ambassadøren og valide-sultanen Nakşidil Sultan. Sistnemnde klarte å overtyda dei osmanske tenestemennene om å la Bouboulina halda på eigedommen sin.[7]

Den greske sjølvstendekrigen[endre | endre wikiteksten]

Bouboulina som kommandant for eit åtak mot Nafplion. Måleri frå 1800-talet.

Bouboulina blei vitja av den nasjonalistiske presten Papaflessas i 1818. Etter møtet med Papaflessas drog ho til Konstantinopel for tredje gong,[8] og slutta seg til Filiki Etaireia, ein underjordisk organisasjon som førebudde Hellas på ein revolusjon mot det osmanske styret. Ho ville ha vore ei av få kvinner, men ho er ikkje oppgjeven i historiske medlemslister for organisasjonen. Då ho kom tilbake til Spétses gav ho ordre om å bygga eit skip som var større enn dei osmanske forskriftene tillet. Osmanarane sende admiral Hussein for å få Bouboulina til å følgja den osmanske loven. Bouboulina bestakk Hussein, som deretter skreiv under på ein rapport som indikerte at skipet var eit langdistanse spetsiot-handelsskip. «Agamemnon» var væpna med 18 kanoner og blei det fyrste krigsskipet til moderne Hellas. Då den greske sjølvstendekrigen braut ut sigla Bouboulina på «Agamemnon», der sonen hennar Yiannis Yiannouzas hadde kommando, til Návplio (Nafplion) saman med eit anna skip under kommando av halvbroren hennar Manolis Lazarou-Orlov. Dei gjennomførte ein sjøblokade på byen frå 4. april 1821. Bouboulina og Staikos Staikopoulos bad så om hjelp frå spetsiotane, som sende sju skip til for å bidra til blokaden. Bouboulina hadde stor respekt hjå dei revolusjonære, som gav henne kallenamna «Kapetanissa» ('Fru kaptein') og «Kyra» ('Frua'). Den 10. april nytta dei blokkerte osmanarane høvet då dei greske omleirarane feira påske, og braut gjennom blokaden. Bouboulina gjekk så i land i Mýli og drog til Árgos med hest, der ho gav lokale opprørarar pengar og ammunisjon. På Argos deltok Bouboulina på ein konferanse av lokale militærleiarar og kodjabashiar, der grekarane bestemte seg for å gjenoppretta blokaden av Nafplion.[9]

Ei framstilling av Bouboulina frå midten av 1800-talet.

Kringsettinga av Nafplion fortsette til opprørarane fekk høyra at styrkane til Kehaya Bey hadde nådd Korint og var på veg for å bryta blokaden. Yiannis Yiannouzas samla då styrkar frå Argos, Spétses og Kranídi for å hindra framrykkinga til Kehaya Bey, og blei drepen i slaget som følgde utanfor Argos. Bouboulina drog til slagmarka for å henta leivningane etter sonen, som var blitt halshogd etter slaget. I følgje den nederlandske ambassadøren Taibont de Marigny avretta ho personleg tre osmanske fangar under gravferda til sonen. Kehaya Bey mislukkast i å erobra Argos, og forsterka i staden garnisonen ved Nafplion og drog vidare til Tripolitsa. Bouboulina starta så ein ny skipsblokade av Nafplion. I mai 1821 blokkerte ho Monemvasiá med «Agamemnon», medan resten av flåten frå Spétses heldt seg utanfor kysten av Nafplion. Garnisonen ved Monemvasia overgav seg 25. juli, på same tid som eit anna skip under hennar kommando kom med nye forsyningar til Galaxídi. Rykte og soger om Bouboulina spreidde seg utanfor Hellas, og mange greskvennlege utlendingar ønskte å møta henne. Under eit slikt møte i Astros viste ein utanlandsk frivillig henne eit litografi som han hadde kjøpt i Paris og som skulle framstilla denne. Den svært romantiserte og unøyaktige skildringa fekk Bouboulina til å bryta ut i latter.[10]

I september 1821 kom ho til Tripolitsa, som var under omleiring av styrkane til general Theodoros Kolokotronis. Osmanarane var på randen av å overgje seg, og bad om trygt leide for dei lokale tenestemennene saman med harema deira og lauslating av ei rekkje fangar. 18. september kalla Kolokotronis inn til eit møte med offiserane sine for å diskutere vilkåra som var tilboden av motstandarane deira. Bouboulina deltok aktivt i forhandlingane, og greip inn for å redda liva til kvinnene frå haremet til Hursit etter oppmoding frå valide-sultanen. Kolokotronis tillet berre tenestemenn av albansk opphav å forlata byen. Tre dagar seinare fall byen for grekarane, som massakrerte den lokale muslimske befolkninga og plyndra eigedommane deira. Bouboulina blei seinare skulda for å ha deltatt i plyndring (som elles var ein vanlig praksis i både gresk og osmansk krigføring på denne tida). Etter at Tripolitsa fall vendte Bouboulina tilbake til Nafplion for å ha personleg tilsyn med blokaden. Den 22. november 1822 overgav osmanarane Palamídi festning. 3. desember 1822 fekk den osmanske befolkninga i Nafplion trygt leide til Vesleasia, og overgav byen til grekarane. Bouboulina blei utnemnd til ein av kommisjonane som hadde til oppgåve å omfordela eigedommane til den muslimske befolkninga i Nafplio, ei stilling ho misbrukte for personleg vinst.[11]

Bouboulina-huset i Spétses.

Bouboulina flytta så inn i eit hus i Nafplion. Like etterpå gav ho dottera Eleni Boubouli i ekteskap til Panos Kolokotronis, sonen til Kolokotronis. Panos Kolokotronis blei utnemnd til leiaren for garnisonen i Nafplion, noko som gjorde Bouboulina til ein av dei mektigaste personane i regionen. Bouboulina blei verande i Nafplion fram til utbrotet av borgarkrigen i 1824, der ho støtta den Filiki Etaireia-vennlege fraksjonen til Kolokotronis. Denne fraksjonen leid nederlag, og Kolokotronis blei fengsla medan huset hennar i Nafplion blei konfiskert og ho sjølv drog til Spétses.[12] Ho sat fengsla ei tid på falske skuldingar om hekseri og kjetteri av lokale politiske motstandarar, før ho endeleg blei sett fri.[13] Den 22. november 1824 blei Panos Kolokotronis drepen, og dottera hennar flytta til mora på Spétses.[14]

Død[endre | endre wikiteksten]

Eugenia Koutsi og sonen til Bouboulina, Georgios Yiannouzas, hadde rømt saman, etter at fyrstnemnde var blitt tvinga av familien til å trulova seg med ein mann ho mislikte. Bouboulina hadde støtta handlinga til sonen. 22. mai 1825 kom væpna medlemmer frå Koutsis-familien til Bouboulina sitt hus, der dei trudde paret heldt seg gøymd. Då Bouboulina konfronterte dei frå balkongen, blei ho skoten og drepen av ein av dei væpna mennene.[15]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Bobelina. Russisk lubok frå 1800-talet.
Statue av Bouboulina i Spétses.

Etter at ho døydde utnemnde tsar Aleksander I av Russland Bouboulina til æresadmiral av den russiske marinen. Ho blei med dette den fyrste kvinna i marinehistoria til å ha denne tittelen.[16][17] I 2018 blei ho tildelt tittelen yponávarkhos (gresk skrift υποναύαρχος), tilsvarande kontreadmiral, i den greske marinen.[18][19]

Bouboulina blei framstilt på den reverse sida av både den greske pengesetelen for 50 drakme frå 1978 og på 1-drakmemynten frå 1988–2001.[20] Det står ein statue av Bouboulina, utført av Natalia Mela-Konstantinidou, på Spétses. Ei byst av Bouboulina skapt av Lazaros Lameras er på Tinos, med ein kopi i Pedion tou Areos.[21]

Ein gresk dramafilm med tittelen Bouboulina der Irene Papas spelte tittelrolla kom ut i 1959, skriven og regissert av Kostas Andritsos.[22] Ein dokumentarfilm som bygde på ei fiksjonalisert skildring av livet og virket hennar, The Brave Stepped Back: The Life and Times of Laskarina Bouboulina, kom ut i 2005 med premiere ved Armata-festivalen på Spétses.

Oldebarnet hennar Lela Karagianni (også stava Karayanni og Carayannis) var leiar for den greske motstandsgruppa Bouboulina under den andre verdskrigen.[23]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Papadimitriou, s. 44.
  2. Michael L. Galaty, Memory and Nation Building: From Ancient Times to the Islamic State, Rowman & Littlefield, 2018, ISBN 0759122628, p. 144.
  3. Robert Elsie, A Biographical Dictionary of Albanian History, Centre for Albanian Studies (London, England); I.B.Tauris, 2013; ISBN 1780764316, s. 48.
  4. Xiradaki, s. 267.
  5. Kalogeropoulos Householder, s. 3-4.
  6. Robert Elsie (2013). A Biographical Dictionary of Albanian History. I.B.Tauris. s. 48. ISBN 978-1-78076-431-3. 
  7. Xiradaki, s. 267-269.
  8. Kalogeropoulos Householder, s. 4.
  9. Xiradaki, s. 269-273.
  10. Xiradaki, s. 273-279.
  11. Xiradaki, s. 279-282.
  12. Xiradaki, s. 283-284.
  13. Kalogeropoulos Householder, s. 5.
  14. Xiradaki, s. 283-284.
  15. Xiradaki, s. 284-285.
  16. «Laskarina Bouboulina, Greek Rebel Admiral». HeadStuff (på engelsk). 23. juli 2018. Henta 2. mai 2020. 
  17. Fauré, Christine, red. (2003). Political and Historical Encyclopedia of Women (på engelsk). Routledge. s. 248. ISBN 978-1-135-45690-0. A few days after her death, a Russian delegation arrived on Spétses to present her with the title of admiral of the Russian fleet. 
  18. Η Μπουμπουλίνα υποναύαρχος επί τιμή με προεδρικό διάταγμα [Bouboulina the Rear admiral honored with presidential decree]. Η Καθημερινή (på gresk). 27. april 2018. Arkivert frå originalen 2018-04-28. Henta 2. mai 2020. 
  19. Kalogeropoulos Householder, s. 5.
  20. Bank of Greece Arkivert 2009-03-28 ved Wayback Machine.
  21. Xiradaki, s. 285.
  22. Papadimitriou, s. 43-44.
  23. Kalogeropoulos Householder, s. 7-8.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Laskarina Bouboulina