Lāsma Kauniste
Utsjånad
(Omdirigert frå Lasma Kauniste)
| Lāsma Kauniste | |
| Statsborgarskap | Latvia, Sovjetunionen |
| Fødd | 19. april 1942 (83 år) Riga |
| Idrett | lengdeløp på skeiser |
| Tok del i | Vinter-OL 1968 |
| Utmerkingar | Hedret mester i idrett av Sovjetunionen, Arbeidets røde fanes orden |
Lāsma Kauniste, fødd Avotiņa, (fødd 19. april 1942) er ein tidlegare skeiseløpar frå Riga i Latvia som representerte Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister i 1969.
Lāsma Kauniste vart i 1967 nummer to i Skeise-VM i Deventer og nummer tre i den sovjetiske meisterskapen. Sesongane 1968-70 enda ho årleg på andreplassen i sovjetmeisterskapen. Under Vinter-OL i Grenoble deltok ho i tre av distansane og vart som best nummer fem på 1500 meter. Ved Skeise-VM 1969 på olympia-arenaen i Grenoble gjekk ho fire gode distanseløp, noko som sikra henne laurbærkransen framom Stien Kaiser, verdsmeisteren dei to føregåande åra.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lāsma Kauniste» frå Wikipedia på engelsk, den 26. januar 2018.