Lasse Efskind
| Lasse Efskind | |
| Statsborgarskap | Noreg |
| Fødd | 13. februar 1944 (81 år) Oslo |
| Idrett | lengdeløp på skeiser |
| Tok del i | Vinter-OL 1972, Skeise-VM 1972 i sprint-firkamp, Skeise-VM 1973 i sprint-firkamp |
Lasse Daniel Efskind (fødd 13. februar 1944) er ein norsk lege, forfattar og skeiseløpar frå Oslo. Han var medlem i Oslo Skøiteklub.
Efskind utmerka seg tidleg på skeisebana. I februar 1961, dagen før han fylte 17 år, vart han norsk juniormeister. Sidan studerte han til sivilingeniør og deretter ortopedisk kirurgi. Han kom tilbake på skeisebana i 1972-sesongen. Under Vinter-OL 1972 i Sapporo i Japan vart han nummer 12 på 500 meter. Fyrste helga i januar 1973 vart han suveren noregsmeister i sprintfirkamp på Kongsberg, meir enn halvt anna poeng føre Per Bjørang. Helga etter, laurdag 13. januar, tangerte Efskind i Davos verdsrekorden på 500 meter med tida 38,0 sekund. Same dagen sette han verdsrekord på 1000 meter med 1.17,6. I løpet av stemnet i Davos noterte han seg for verdsrekord i sprintfirkamp. Tre veker seinare kom han på fjerdeplass i sprint-verdsmeisterskapen på Valle Hovin stadion i Oslo.
Efskind var i mange år aktiv på venstresida i politikken. I 1970 gav han ut Soldatens lille røde bok. Tre år seinare kom Trylleringen, ein roman som gjev eit lite flatterande bilete av skeisemiljøet. Etter han la opp som idrettsmann, arbeidde som lege for ei geriljarørsle i El Salvador. Seinare la han ut på lange sykkelturar ulike stader på kloten, turar som han har skrive om i bøker.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lasse Efskind» frå Wikipedia på bokmål, den 20. oktober 2025.