Hopp til innhald

Lasse Myrvold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lasse Myrvold
Fødd10. juli 1953
FødestadStavanger kommune
Død3. september 2006 (53 år)
DødsstadBergen
OpphavNoreg
Sjangerpønkrock
Instrumentgitar, orgel, vokal
Verka somsongar, musikar, gitarist, låtskrivar
PrisarSpellemannprisen

Lasse Mustafa Myrvold, best kjend som Lasse Myrvold, (10. juli 1953–3. september 2006) var ein norsk musikar. Han var oppvaksen i Stavanger, men er kjend som ein del av musikkmiljøet i Bergen, og spelte i band som The Aller Værste!, The Beste og Kong Klang. Han stod òg bak prosjekt som Stilleben, The Willkoks Talk og Göbbels a Go Go og filmmusikken til Velkommen Hjem frå 2002. Han var bror til kunstnaren og klededesignaren Pia Myrvold.

Etter at det var vorte kjend at prostatakreften han var råka av ikkje lét seg lækje vart det sett i gang arbeid med å lage ei hyllestplate som fekk namnet Dans til musikken. På plata medverkar ei rekkje norske musikarar og band med sine versjonar av Myrvold-musikk. Plata inneheld også det nylaga sporet Du og jeg i samme båt framført av Myrvold som Kong Klang.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]
The Aller Værste!
1980Blålys/På vei hjemsingelDen Gode Hensikt
1980TAV!EPDen Gode Hensikt
1980MaterialtretthetLPDen Gode Hensikt
1981Disniland i de tusen hjemLPDen Gode Hensikt
1981Hakk/Bare feigingersingelDen Gode Hensikt
Stilleben
1982StillebenEPApollon Records  
Lasse Myrvold og Kristian Stangebye
1983The Willkoks TalkLP 
1983Göbbels A Go GoLP 
The Beste
1985En sang for åtte kroner...LP 
1987BlåttLP
Kong Klang
1999Kong KlangCDDen Gode Hensikt 
2002Kong Klang og Terje DragsethCD

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]