Lasse Opseth
Denne artikkelen treng oppdatering. |
Fødd | 27. januar 1956 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Eid |
Lasse Opseth (fødd 27. januar 1956) er ein tidlegare norsk fotballspelar og noverande næringsdrivar (2011). Han er fødd på Nordfjordeid, men oppvaksen og busett i Førde.
Opseth spelte midtspiss på Sogndal i perioden 1980-1983, og 1985-91. Sesongen 1984 spelte han på Lillestrøm Sportsklubb. Fram til og med 1988 var han så å seie årleg toppskårar for Sogndal.
15. juni 1982 spelte Opseth sin einaste landskamp, då Noreg vann 2-1 over Danmark i ein kamp på Ullevål stadion. Han kom på bana midtvegs i 2. omgang, som innbytar for Gabriel Høyland.
I 1994 vart Opseth administrerande direktør for Førde Sementvarefabrikk i Førde.
Spelarkarriere[endre | endre wikiteksten]
Klubb | Kampar | Mål | Periode |
---|---|---|---|
![]() |
? | ? | -1979 |
![]() |
? | ? | 1980-1983 |
![]() |
? | ? | 1984 |
![]() |
? | ? | 1985-1991 |
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- www.nrk.no om Lasse Opseth
- Sportsboken, aktuelle årgangar