Hopp til innhald

Lasse Virén

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lasse Virén

StatsborgarskapFinland
Fødd22. juli 1949 (77 år)
Mörskom
Yrkepolitikar, friidrettsutøvar, politibetjent, gründer
Språkfinsk
Høgd180 centimeter
Politisk partiSamlingspartiet i Finland
Lasse Virén på Commons

Lasse Artturi Virén (fødd 22. juli 1949) er ein politikar og tidlegare finsk langdistanseløpar og politimann frå Myrskylä. Han vann fire gullmedaljar i to ulike sommar-olympiadar. I München i 1972 vann han både 5000 meter og 10 000 m, og gjentok prestasjonane på begge distansane i Montreal i 1976. I 1972 sette han verdsrekord på 10 000-meteren med 27.38,3 og på 5000 m med 13.16,4. Også i finske meisterskap vann Virén fire gullmedaljar, to på 5000 m og to på 1500 m. 50 år gammal vart han vald inn i den finske riksdagen, der han representerte det høgreorienterte Samlingspartiet i til saman ni år.

Tjue år gammal vann Virén sitt fyrste finske meisterskap då han gjekk til topps på 5000 m i 1969 i Helsingfors. Han sette personleg rekord for året med 13.54,1 i ein landskamp i Brussel, og vann distansen under den prestisjetunge landskampen i Stockholm mellom Sverige og Finland. Også i 1970 sigra han på 5000 m i landskampen mellom Finland og Sverige, dessutan vann han 10 000 m i Praha i ein anaan landskamp. Gjennom sesongen forbetra han sine personlege rekordar til høvesvis 13.43,0 og 29.15,8 på dei to distansane.

Virén sette finsk rekord på 5000 m under eit stemne i Roma den 20. mai 1971, tida 13.35,2 heldt til tredjeplass i løpet. Den 1. juli tok han også den finsk rekorden på 10 000 m, då han i Helsingfors vart nummer to med tida 28.17,4, slått i spurten av Dane Korica frå Jugoslavia. Under EM 1971 på finsk heimebane i Helsingfors vart han nummer sju på 5000 m, landsmannen Juha Väätäinen vann løpet på ny finsk rekord, 13.32,6, og sikra seg sitt andre gull i meisterskapen. Ei veke etter meisterskapen tok Virén tilbake 5000-meterrekorden då han vart klokka inn på 13.29,8.

Sommaren 1972 viste Virén at han høyrde til i den absolutte verdseliten på langdistansane. Den 25. juli sprang han i Helsingfors i mål på 13.19,0, Ron Clarke sin seks år gamle verdsrekord var på 13.16,6. I byrjinga av august var han på ferde i Oslo, der han forbetra Väätäinen sin finske rekord på 10 000 m frå EM året før med fire tidels sekund, 27.52,4, og slo nestemann med over minuttet.

Den 3. september var det klart for finalen på 10 000-meteren under sommar-OL i 1972 i München. Virén var ein av fleire favorittar, men midtvegs i den ellevte runda fall han og ein annan favoritt, den tidlegare OL-medaljøren, Mohammed Gammoudi frå Tunis. Virén reiste seg og tok opp jakta på teten. Leiarane i løpet heldt ikkje oppe det store tempoet løparane hadde halde til dess, og Virén makta ta att teten etter berre to rundar. I den nest siste runda drog han i gang ein langspurt, og fekk fylgje av berre to mann; Emiel Puttemans frå Belgia og Miruts Yifter frå Etiopia. I siste sving fekk Virén luke og sprang i mål på tida 27.38,3, ny verdsrekord med eitt sekund, Puttemans fekk 27.39,6 og Yifter 27.41,0.

Nøyaktig ei veke seinare vart Virén olympiameister også 5 000 m. Han spurstlo då Mohammed Gammoudi frå Tunis og Ian Stewart frå Storbritannia, som fekk sølv og bronse med tidene 13.27,6 og 13.27,8, Virén sprang i mål på 13.26,4. Fire dagar seinare, den 14. september i Helsingfors, sette han ny verdsrekord på 5000 m med to tidels sekund; 13.16,4. Denne rekorden stod berre seks dagar, ettersom førnemnde Puttemans i Brussel presterte 13.13,0 den 20. september.

Under europameisterskapen i Roma 1974 var Virén sjanselaus mot Brendan Foster på 5000 m, og måtte i spurten om sølvmedaljen også gje tapt for austtyske Manfred Kuschmann, men berga bronsemedaljen på si beste tid for året; 13.24,6. På mila vart han nummer sju, ikkje så langt bak sitt årsbeste på 28.22,6.

I sommar-OL 1976 gjentok Virén prestasjonane frå førre olympiaden, og sigra både på 5000 m og 10 000 m. På milløpet fylgde han den spurtsvake portugisaren Carlos Lopes heilt fram til nest siste runde. Straks før klokka ringde for siste runde, sprang Virén forbi og auka farta, i mål var han nesten fem sekundar føre sølvmedaljør Lopes. Få dagar seinare vann han gullmedaljen på 5000 m, der han med eit sugande tempo dei siste 1500-metrane makta halde tre tidlegare 1500-meterløparar bak seg. Mindre enn eitt døgn etter han hadde sikra seg 5000-meter-gullet, vart Virén nummer fem i maratonløpet.

Virén deltok også i Sommar-OL 1980, der han vart nummer fem på 10 000 meter.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]

Virén vart kåra til årets friidrettsutøvar i verda for 1972.

Medaljar i nasjonale meisterskap

[endre | endre wikiteksten]
  • 1969: Gull på 5 000 m
  • 1971: Sølv på 5 000 m
  • 1972: Gull på 1500 m
  • 1973: Bronse på 10 000 m
  • 1974: Gull på 1500 m og sølv på 10 000 m
  • 1975: Sølv på 5 000 m
  • 1976: Gull på 5 000 m
  • 1979: Sølv på 10 000 m, bronse på 5 000 m
  • 1980: Bronse på 5 000 m

Frå 1992 har Virén vore ordførar i heimkommunen Myrskylä, bortsett frå dei periodane han var parlamentsmedlem. Virén var åra 1999-2007 og 2010-11 representant i den finske riksdagen. Han vart vald inn frå valkrinsen Uusimaa (svensk:Nyland valkrets) og representerte Samlingspartiet.

  • Friidrott -71, -72, -73, -75
  • Sportsboken, aktuelle årgangar