Lassie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ein hund som speler Lassie fotografert under innspelinga av ein episode i Florida.

Lassie er ein oppdikta hund av rasen langhåra collie. Hunden er ein kjent og kjær figur over store delar av verda, frå fleire filmar, TV-seriar og bøker opp igjennom åra.

Britisk-amerikanske Eric Knight skreiv dei første sogene om Lassie, først ei novelle og sidan boka Lassie Come-Home frå 1940. Boka skildrar korleis ein Yorkshire-familie blir tvungen til å selja collien sin under den store depresjonen, og korleis ho kjemper seg tilbake til dei gjennom mange vanskar.

Soga om Lassie blei filmatisert i 1943. Collien Pal hadde hunderolla i filmen, og opptrådde seinare som Lassie i seks oppfølgjarar og på rodeotilstellingar og marknader rundtom i USA. Ein tv-serie om Lassie byrja i 1954, og i løpet av dei neste 19 åra spelte Pal og etterkomarane hans den talentfulle hunden. Nye filmar kom til i 1978, 1994 og 2005.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dyreartikkelen som har med litteratur å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.