Lassus Mountains

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 69°35′S 71°38′W
Lassus Mountains
fjellkjede
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Aleksanderøya
 - høgd 2 100 moh.
 - koordinatar 69°35′S 71°38′W
Lengd 28 km
Administrert under Antarktistraktaten

Lassus Mountains
69°34′60″ S 71°37′60″ W
Lassus Mountains is located in Antarktis
Lassus Mountains (Antarktis)

Lassus Mountains er ei stor fjellkjede, 15 nautiske mil (28 km) lang og 3 nautiske mil (6 km) brei, med ei høgd på 2100 moh. Ho strekkjer seg sørover frå Palestrinabreen nordvest på Aleksanderøya i Antarktis. Fjella ligg oppom Lazarev Bay og eit par mindre øyar i bukta som Dint Island og Umber Island. Haydnfjorden ligg sør for Lassus Mountains medan Havre Mountains ligg like nord. Truleg vart fjella først sett 9. januar 1821 av den russiske ekspedisjonen under Fabian Gottlieb von Bellingshausen. Det vart fotografert av lufta i 1936 av British Graham Land Expedition (BGLE) men kartlagde som fjell nær Havre Mountains. Dei vart først kartlagd i detalj frå flyfoto tekne under Ronne antarktiske forskingsekspedisjon (RARE), 1947–48, av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1960. Det vart namngjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee (UK-APC) etter Orlandus Lassus (1532-94), ein belgisk komponist.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Lassus Mountains» (innhald frå Geographic Names Information System).