Last.fm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Last.fm er eit nettsamfunn og ein nettradio som samlar inn informasjon om kva brukarane høyrer på, og lagar statistikk og tilpassa spelelister ut frå dette.

Kvar enkelt brukar får si eiga liste, der det står kva artistar og songar han/ho høyrar mest på. Artistane får eigne lister der det står kva for songar som har blitt spelt mest den siste veka, og dei siste seks månadene. Dessutan er det ei liste som generelt viser kva for band og songar som er mest populære. Last.fms største svakheit er at ein ikkje klarer å skilje mellom ulike artistar med same namn.

Dagens Last.fm består av tidlegare Audioscrobbler og Last.fm som blei slått saman i 2005.

Brukarane installerar eit tilleggsprogram på sitt føretrekte musikkavspelingsprogram på PC-en, og denne sender informasjonen vidare til Last.fm, som genererer lister kvar sundag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]