Hopp til innhald

Lasterom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lasterommet på eit skip blir fylt med skrapjarn.

Lasterom er eit rom i eit transportmiddel der ein plasserer det som vert transportert. Uttrykket er mest nytta i samband med fraktefartøy. Historiske skip, som til dømes knarrar og jekter hadde opne lasterom, men moderne lasteskip har vasstette luker over opningane på lasterommet.