Latin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Latin».
Latin
(Lingua Latina)
Klassifisering: Indo-europeisk
 Italisk
  Latin
Bruk
Tala i: Romarriket
Område: Romarriket
Latintalande i alt: Utdøydd
Skriftsystem: Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i: Vatikanet
Normert av: ingen
Språkkodar
ISO 639-1: lat
ISO 639-2: lat
ISO 639-3: lat

Latin høyrer til den italiske greina av indoeuropeiske mål. Opphavleg vart latin tala av latinarane, eit bonde- og gjætarfolk i området Latium, der Roma vart den førande byen. Med nye landvinningar breidde latinen seg utover Italia, og sidan til mange av områda kring Middelhavet. Dei eldre måla der vart trengde ut, og latinen lever vidare i dei romanske måla i dag. Etter at Romarriket braut saman, var latin gjennom heile mellomalderen og langt fram i nyare tid lingua franca for dei lærde i Vest-Europa; som tradisjonsmål for Den katolske kyrkja er det framleis offisielt mål i Vatikanstaten. I nyare tid har latin - saman med gresk - vorte nytta til nylaga ord innan vitskap.

Trekk ved språket[endre | endre wikiteksten]

Latin er eit syntetisk språk, dvs. at bøyingsendingar syner kva funksjon eit ord har i setninga, medan ordstillinga er rimeleg fri. Substantiva vert delte inn i fem deklinasjonar, og bøygde i tal (eintal og fleirtal) og kasus (nominativ, vokativ, akkusativ, genitiv, dativ og ablativ). Adjektiv og pronomen samsvarar i kjønn, tal og kasus med substantiva dei står til. Verba vert delte inn i fire konjugasjonar, med eigne endingar for kvar person i eintal og fleirtal. I motsetnad til norsk, som berre har to finitte tempi, nyttar latin langt færre hjelpeverb.

Latin som talemål[endre | endre wikiteksten]

Den latinen som vart tala i Romarriket blir kalla Vulgærlatin, og var ikkje identisk med målet Cicero, Cæsar og andre forfattarar skreiv. Med tida oppstod regionale skilnader, og me fekk dei moderne romanske språka. Dei fyrste grammatikkane for moderne romanske språk var for provencalsk og katalansk, skrivne på 1200-talet. Jamsides med denne utviklinga, fortsette dei lærde å nytta latin i skrift og tale. Uttala av latinen fylgde helst dei nasjonale måla, og samsvarte ikkje med klassisk latin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikipedia-logo-v2.svg Wikipedialatin

Spire Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.