Latterkokaburra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Latterkokaburra
Latterkokaburra Foto: Wikipedia-brukar FIR0002
Latterkokaburra
Foto: Wikipedia-brukar FIR0002
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Latterkokaburra
Utbreiinga av Latterkokaburra
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Coraciimorphae
Orden: Råkefuglar Coraciiformes
Underorden: Alcedines
Familie: Isfuglfamilien Alcedinidae
Slekt: Dacelo
Art: Latterkokaburra D. novaeguineae
Vitskapleg namn
Dacelo novaeguineae

Latterkokaburra (Dacelo novaeguineae) er ein brun og kvit latterfugl i isfuglfamilien, Halcyonidae. Arten har naturleg utbreiing i austlege Australia, og har blitt introdusert til sørvestre Australia, Tasmania og nordlege Nordøya på New Zealand. Latterkokaburra er ein vanleg og kjend fugl i utbreiingsområdet, spesielt kjend for det latteraktige lætet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå Hobart, Tasmania
Foto: JJ Harrison

Latterkokaburraen er ein tettvaksen fugl og ein svært stor medlem av isfuglfamilien, gjennomsnittleg på ca. 45 cm i lengd, og ca. 350 gram i kroppssvekt.[1] Han har stort hovud, brune auge, og eit svært stort, kraftig nebb. Kjønna er like, sjølv om hofuglar i gjennomsnitta er større. Kroppen og hovudet er generelt kvit til kremfarga, hovudet har ei mørk brun augestripe og er svakt brunleg på oversida. Vengene og ryggen er brune med mindre lysblå flekker på skuldrene. Undersida av vengene er lyse med ein klår, kvit flekk, ein «blink» ut mot vengetuppen. Halen er rustleg raudoransje med mørkebrune tverrstriper, kvit ut mot enden av undersida. Det tunge, litt flattrykte nebbet er mørkt på oversida og gult, beinfarga på undernebbet.

Latterkokaburraen er naturleg heimehørande i den austlege delen av fastlandsaustralia, og har blitt introdusert på Tasmania, Flinders Island og Kenguruøya. Nokre individ vart òg introdusert på New Zealand tidleg på 1860-talet. Etterkommarar av desse individa lever i dag i området Whangarei sørover til nordre Waitakere Ranges nord på Nordøya.[1] Streiffuglar kan treffast på Sørøya.[1]

Latterkokaburraer jaktar mykje som andre isfuglar gjer, sit på ei praktisk grein eller annan post med nebbet peikande ned og ventar tålmodig på at byttedyr skal passere. Dei kastar seg fort ned på bakken eller i grunt vatn. Vanlege byttedyr inkluderer mus og tilsvarande små pattedyr, ferskvasskrepsar, store insekt, øgler, småfuglar og fugleungar, og mest kjent, slangar. Dei føretrekk små byttedyr, men kokaburraer kan nokre gonger ta store dyr, inkludert giftslangar som er mykje lengjer enn eigen kroppslengd.

Para held seg på eit territorium gjennom året. Reiret er i ei hòle grave ut i ein roten trestamme. Dei legg vanlegvis tre egg i kullet. Klekkinga skjer etter ca. 23 dagar og ungane kan flyge etter 33-39 dagar. Det eldste kjende individet i Australia blei over 13 år.[1]

Arten har status som livskraftig (LC), storleiken av bestanden er ukjend, men er trudd å vere stabil.[2] Populasjonen på New Zealand er truleg under 500 fuglar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Heather og Robertson, 2005
  2. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Latterkokaburra