Lauberhorn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Koordinatar: 46°35′32.9″N 7°56′52.6″E
Lauberhorn
fjell
The view over the kleine scheidegg.jpg
Lauberhorn (midten) og utforløypa
Land Flag of Switzerland.svg Sveits
Fjellkjede Bern-Alpane
Høgd 2 472 moh.
Koordinatar 46°35′32.9″N 7°56′52.6″E
Switzerland location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Lauberhorn

Lauberhorn er eit fjell i Bern-Alpane i Sveits, mellom Wengen og Grindelwald. Toppen ligg 2472 meter over havet.

Fjellet er mest kjend for Lauberhornrennet (tysk Lauberhornrennen) som vert halde her kvart år oppfor Wengen i Berner Oberland. Utforrennet er det lengste i verda med ei løype på 4455 meter og ei løpstid på om lag to og eit halv minutt. Det er om lag 30-45 sekund lenger enn vanlege utforrenn. Toppfarten når gjerne 160 km/t ved Haneggschuss, den høgaste farten ein oppnår i renn arrangerte av FIS i verdscupen i alpine greiner. Lauberhornrennet vert sagt å vere det vakraste i verda, omgjeve av Eiger, Mönch og Jungfrau oppfor Lauterbrunnendalen, og vert vanlegvis halde under knallblå himmel i midten av januar. Løpet er òg kjend for hoppet Hundschopf,, eit 40 meter høgt hopp over ein bergnabb, samt Kernen-S der ein passerer over ei bru i kring 80 km/t, samt Wasserstation-tunnelen som går under den lokale jarnbanen Wengernalpbahn).

Det har vorte halden utforrenn i Lauberhorn sidan 1930 og er eit av dei eldste skirenna i verda. I 1991 omkom den unge austerrikaren Gernot Reinstadler under trening før rennet, som då vart avlyst det året. Lasse Kjus er den einaste frå Skandinavia som har vunne rennet, noko han gjorde i 1999.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]