Laud

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Laud, frå latin laudabilis, «rosverdig», er ein tidlegare karakter ved norske universitet. I det vanlegaste talbaserte karaktersystemet blei laud ved dei fleste fakulteta gitt for resultat frå 1,6 til 2,5. Den som fekk eit resultat frå 1,0 (ein blank) til 1,5 fekk karakteren laudabilis prae ceteris, «rosverdig framfor dei andre», og blei kalla preseterist. Ståkarakterar dårlegare enn laud blei kalla haud, haud illaudabilis, «ikkje urosverdig», 2,6-3,2 og non, non contemnendus, «ikkje å forakte, 3,3-4,0. Immaturus, «umodent», dårlegare enn 4,0, var stryk.

Nokre studium hadde andre karakterskalaer, til dømes jus og sosialøkonomi. Der var laud frå 2,00 til 2,75 og haud 2,80 til 3,15, og stryk 3,20 til 3,30.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]