Laudal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laudal
stad
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Lindesnes
Kart
Laudal
58°14′49″N 7°30′16″E / 58.246944444444°N 7.5044444444444°E / 58.246944444444; 7.5044444444444

Laudal er ei grend i Lindesnes kommune i Agder.[1] Laudal er eige sokn og var eigen kommune frå 1899 til 1964. Soknet tilsvarar den tidlegare kommunen.[2]

Samfunn[endre | endre wikiteksten]

I Laudal sentrum ligg Laudal barnehage. Ved sida av barnehagen ligg Laudal skule.[3] Skulen er ein fådelt barneskule. Det betyr at klassane er fortrinnsvis kvar for seg i basisfaga; rekning, norsk og engelsk. I dei andre faga er klassane saman på tvers av klassetrinn. Skulen har òg SFO.[4]

Laudal kommune[endre | endre wikiteksten]

Kommunen blei oppretta i 1899 då han blei skilt ut frå Øyslebø og Laudal kommune; den tidlegare kommunen var 250 km² og hadde 1827 innbyggarar då han blei delt.[2]

I 1964 blei Laudal slått saman med Øyslebø, bortsett frå Brunvatne; Bjelland, bortsett frå Ågedal/Midtbø; den nye kommunen fekk namnet Marnardal. Ved samanslåinga var Laudal kommune 93 km² og hadde 560 innbyggarar.[2]

Laudal kyrkje[endre | endre wikiteksten]

Laudal kyrkje er ei krosskyrkje i tre som blei bygga i 1826. Kyrkja har 300 sitteplassar.[5]

Laudal kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Geografi; norgeskart.no». Kartverket. Henta 3. februar 2017. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Laudal; snl.no». Store norske leksikon. 20. august 2015. Henta 3. februar 2017. 
  3. «Velkommen til Laudal barnehage». minskole.no. Arkivert frå originalen 4. februar 2017. Henta 3. februar 2017. 
  4. «Om Bjelland & Laudal skole». minskole.no. Arkivert frå originalen 4. februar 2017. Henta 3. februar 2017. 
  5. Rasmussen, Alf Henry (1993). «Laudal kirke». Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Kirkenær. s. 464. ISBN 8275270227. «Korskirke, b. 1826 i tre. 300 sittepl.» 

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Johs Sætherskar: Det Norske næringsliv. 15 : Vest-Agder fylkesleksikon, Bergen 1953
  • Vigleik Leira: Ordlaging og ordelement i norsk, Oslo 1992.
  • Alf Henry Rasmussen (1993). «Laudal kirke». Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 464. ISBN 82-75-27022-7

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]