Morgonsong

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Laudes)
Hopp til navigering Hopp til søk

Morgonsong, ottesong (norrønt óttusǫngr) eller laudes, latin for 'lovprisingar', er ei av morgonens tidebøner, eller ei gudsteneste halden om morgonen.[1]

Den katolske tidebøna har namnet laudes. Tidebøna har namn etter opningsorda i salmane 148-150,[2] som opnar med orda Lovsyng Herren. [3] I den katolske kyrkja er laudes og vesper dei viktigaste tidebønene.

I Den norske kyrkja blir det halde ottesong på førstedagane i dei store høgtidene i visse kyrkjelydar, særleg i byane. Gudstenesta består av ein forkorta høgmesseliturgi.[4]

Liturgi[endre | endre wikiteksten]

I den katolske kyrkja vert laudes lesen på latin. Morgonsongen har i norsk form fått plass i Gudstenestebok for den norske kyrkja.[5] Liturgien for morgonsongen inneheld følgjande ledd:

  1. Innleiing
  2. Morgonsalme
  3. Bibelske salmar – ein, to eller tre bibelske salmar; anten frå Salmane eller ein annan bibelsk salme i bunden form
  4. Tekstlesing
  5. Preike eller tekstmeditasjon
  6. Sakarjas lovsong (Benedictus) – dette leddet er høgdepunktet i laudes
  7. Bøn
  8. Herrens bøn
  9. Slutningssalme
  10. Avslutning – lovprising, velsigning og evt postludium.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «ottesong» i Nynorskordboka.
  2. Cappelens musikkleksikon (1980) ISBN 82-02-03690-9
  3. Salme 148,1
  4. «Ottesang.», Store norske leksikon, 14. februar 2009 
  5. Gudstenestebok for Den norske kyrkja del I Gudstenester ISBN 82-543-0507-2