Laudir de Oliveira

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Laudir de Oliveira
Fødd 6. januar 1940
Rio de Janeiro
Død

17. september 2017
Brasil

Yrke perkusjonist, musikkprodusent

Laudir Soares de Oliveira (fødd 6. januar 1940 i Rio de Janeiro i Brasil) er ein brasiliansk perkusjonist. Han byrja å arbeide profesjonelt med musikk i 1960-åra med brasilianske musikarar som Sérgio Mendes og Marcos Valle. Han vart berre kalla «Laudir» då han spelte på debutalbumet til Joe Cocker i 1969, mellom anna på hitsingelen hans, «Feelin' Alright».

I 1973 byrja han å arbeide med bandet Chicago som sidemann,[1] og spelte på albuma Chicago VI og Chicago VII før han vart eit offisielt medlem av bandet i 1975. Han spelte så på albuma frå Chicago VIII til Chicago XIV. I 1978 spelte han med The Jacksons på albumet deira Destiny.

Oliveira slutta i Chicago i 1982, og flytta til Los Angeles, der han arbeidde med musikarar som Chick Corea, Gal Costa, Airto Moreira, Flora Purim, Carlos Santana, Wayne Shorter og Nina Simone.

De Oliveira bur i dag i Rio de Janeiro, der han er kulturell leiar ved Universidade do Grande Rio. Han kom ei kort stund attende til bandet Chicago i september 2010.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Laudir de OliveiraAllmusic. Henta 1. mai 2013.