Laugh, Laugh

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Laugh, Laugh
Singel av The Beau Brummels
frå albumet Introducing the Beau Brummels
B-side Still In Love With You Baby
Utgjeve December 1964
Innspelt 3. november 1964
Studio Golden State Recorders, San Francisco, California
Sjanger folkrock, pop rock
Lengd 2:48 (Single)
3:02 (Album)
Selskap Autumn
Låtskrivar(ar) Ron Elliott
Produsent Sylvester «Sly Stone» Stewart
The Beau Brummels-kronologi
Laugh, Laugh Just a Little
(1965)


«Laugh, Laugh» er ein song av den amerikanske rockegruppa The Beau Brummels, skriven av gitaristen Ron Elliott og produsert av Sylvester Stewart, seinare kjend som Sly Stone. Han kom ut i desember 1964 som debutsingelen deira og nådde 15. plassen på den amerikanske Billboard Hot 100-lista i februar året etter. «Laugh, Laugh» var den første hitsingelen som kom frå det gryande musikkmiljøet i San Francisco etter den britiske bølgja.[1][2] Songen vart seinare gjeven ut på debutalbumet deira, Introducing the Beau Brummels, i april 1965.

The Beau Brummels marknadsførte singelen med å framføre songen på fleire fjernsynsshow, som ein episode av The Flintstones i 1965, der bandet vart animert og kalla The Beau Brummelstones. I 1994 vart «Laugh, Laugh» valt ut av Rock and Roll Hall of Fame som ein av 500 songar som forma rock and roll. Solosongaren Sal Valentino omarbeidde songen i 2008 for soloalbumet sitt Every Now and Then.

Musikkritikaren Dave Marsh valte ut songen i 1989 for boka si The Heart of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made.[3]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

7"-singel
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Laugh, Laugh»Elliott2:48
2.«Still In Love With You Baby»Elliott2:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Teknisk

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1964–65) Plassering
Australia 78
Canadian Singles Chart 2
U.S. Billboard Hot 100[4] 15
U.S. Cash Box Top 100[5] 17

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tahsler, Bruce (2007). Garage Bands From the Sixties, Then and Now (2nd utg.). San Francisco: Teens 'N Twenties Publications. s. 73. ISBN 978-1-4243-1813-1. 
  2. Tamarkin, Jeff (2003). Got a Revolution! : The Turbulent Flight of Jefferson Airplane. New York: Atria (Simon & Schuster). s. 22. ISBN 978-0-671-03403-0. 
  3. Marsh, Dave (1989). The Heart Of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made. New York: Da Capo Press. s. 555. ISBN 978-0-306-80901-9. 
  4. «The Beau Brummels - Charts & Awards - Billboard Singles». Allmusic (Rovi Corporation). Henta 20. august 2009. 
  5. «Cash Box Top 100 - 6. mars 1965». Cashbox Magazine, Inc. Henta 16. april 2014.