Laukplante

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Boophone disticha i Sør-Afrika.

Laukplantar er fleirårige plantar som lagrar næring i laukar under eller nær jordoverflata. I botanikken skil ein mellom om plantar dannar eigentlege laukar, jordstenglar eller rotknollar, medan plantar frå alle tre typane kan reknast som laukar innan hagebruk.

Laukplantar vekslar mellom periodar der lauken veks og periodar der reproduksjonsdelen (blad og blomar) veks. Visse miljøfaktorar trengst for å gå frå den eine fasen til den andre, til dømes overgangen frå ein kald vinter til vår.[1] Etter at blomstringa er over går laukplanten over til ein bladperiode på rundt seks veker der han tek opp næring frå jorda og energi frå sola før han set blomar for neste år. Etter at denne perioden er over kan laukane gravast opp og lagrast til hausten i ein hagebruksamanheng.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Nesten alle laukplantar som dannar eigentlege laukar er einfrøblada plantar. Dei omfattar mellom anna:

Gaukesyreslekta Oxalis i gaukesyrefamilien (Oxalidaceae) er den einaste gruppa tofrøbladingar som lager eigentlege laukar.[2][3]

Plantar som lagrar næringa i jordstenglar er fleire irisar, liljekonvall (Convallaria majalis) og Canna.[4] Plantar som bruker rotknollar er mellom anna georginer, alpefiolar og Ranunculus asiaticus.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mishra, S.R. (2005). Plant Reproduction. Discovery Publishing House. s. 120–125. ISBN 978-81-7141-955-5. 
  2. Hartmann, Hudson Thomas; Dale E. Kester (2002). Hartmann and Kester's Plant Propagation: Principles and Practices (7 utg.). Prentice Hall. s. 561. ISBN 978-0-13-679235-2. 
  3. Oberlander, K. C.; Emshwiller, E.; Bellstedt, D.U. & Dreyer, L.L. (2009). «A model of bulb evolution in the eudicot genus Oxalis (Oxalidaceae)». Molecular phylogenetics and evolution 51 (1): 54–63. doi:10.1016/j.ympev.2008.11.022. 
  4. Stern, Kingsley R. (2006). Introductory Plant Biology, 10th ed. McGraw-Hill. ISBN 978-0-07-111666-4.