Laura Chinchilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Laura Chinchilla
Laura-Chinchilla-cropped.jpg
Fødd 28. mars 1959

San José i Costa Rica

Parti Partido Liberación Nacional
Verv President i Costa Rica
 - periode 2010-2014
 - føregangar Óscar Arias Sánchez
 - etterfylgjar Luis Guillermo Solís

}} Laura Chinchilla Miranda (fødd 28. mars 1959 i San Jose) er ein costaricansk politikar som var president i Costa Rica frå 2010 til 2014. Ho representerte Partido de Liberación Nacional, same partiet som forgjengaren Óscar Arias Sánchez. Laura Chinchilla var den fyrste kvinnelege presidenten i landet nokonsinne.

Politisk karriere[endre | endre wikiteksten]

Far hennar jobba i mange år som riksrevisor i Costa Rica. Laura Chinchilla har studert ved Universitetet i Costa Rica og har ein mastergrad i offentleg politikk frå Georgetown University i Washington, D.C.[1]

Etter fleire ulike verv, sat ho som visejustisminister frå 1994-1996 og minister for offentleg statstryggleik frå 1996-1998. Deretter var ho ein av to visepresidentar under Óscar Arias Sánchez frå 2006-2010. Ved valet i 2010 vedgjekk motstandaren Otton Solis nederlag då 44 % av røystene var talde av di Laura Chinchilla hadde fått 47 % av røystene, og han sjølv låg på andreplass med 23 %. Chinchilla trong over 40 % for å unngå omval.[2]

Som politikar støttar Laura Chinchilla frihandel og er motstandar av abort. Ho har også eit konservativt synspunkt på homofile ekteskap, men har uttalt at ho ser behovet for å få på plass lovfesta homofile sambuarskap. I motsetnad til president Sanchez, vil ho ikkje skilja kyrkje og stat i det katolske Costa Rica. Dessutan har ho gjort det til eit mål å arbeida mot auka klimaendringar.[3] Chinchilla kan nyta godt av at Sanchez losa landet trygt gjennom den globale finanskrisa, og har uttalt at ho vil halda fram i same økonomiske kurs som under Sanchez.[4]

Populariteten til Laura Chinchilla sokk relativt kort tid etter valet. Ifølgje undersøkingar meiner kostarikanarane at ho ikkje gjer nok for å nedkjempa fattigdom, og fleire grupper har protestert for å få betringar i respektive jordbruket, helsesystemet og telefonnettverket. I ei undersøking frå 2010 omtalte 75 % at Chinchilla si regjering var "korrupt", og at 53 % hadde mistillit til måten ho administrerte på.[5]

Familieliv[endre | endre wikiteksten]

Laura Chinchilla gifte seg fyrste gongen 22 år gamal, men dei skildest etter tre år. Ho flytte saman med ein spansk advokat på nittitalet, dei fekk ein son saman i 1996 før dei gifte seg i 2000.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]