Laura Farnsworth Dogu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laura Farnsworth Dogu

Fødd1964 (60 år)
Yrkediplomat
Utdanna vedDwight D. Eisenhower School for National Security and Resource Strategy
Southern Methodist University
Alle verv
  • United States Ambassador to Honduras (2022–) Sjå dette på Wikidata

Laura Farnsworth Dogu (fødd 1964) er ein amerikansk forfattar og diplomat som er ambassadør for USA i Honduras. Ho har tidlegare vore ambassadør for USA i Nicaragua under Obama-administrasjonen.[1]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Dogu er dotter av ein sjøoffiser.[2] Ho tok B.A., B.B.A. (1985) og M.B.A. (1989) frå Southern Methodist University i Dallas. Ho tok seinare ein M.S. frå Dwight D. Eisenhower School for National Security and Resource Strategy i 2007.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Dogu byrja karrieren som marknadsrepresentant for IBM, der ho arbeidde i fem år.

Etter at Dogu byrja i utanrikstenesta, vart ho konsulæroffiser ved ambassaden i San Salvador i 1991. Ho gjorde deretter teneste som konsulær og politisk offiser ved den amerikanske ambassaden i Tyrkia. Tilbake i Washington, D.C. i 1996 vart ho tildelt operasjonssentralen i utanriksdepartementet. Eit år etter vart ho stabsassistent i Bureau of Consular Affairs. Internasjonale oppdrag følgde i Egypt, Tyrkia og Mexico. Då ho vart nominert av president Obama til å bli ambassadør i Nicaragua, var ho chargé d'affaires ved ambassaden i Mexico by.

Dogu er også forfattar. Saman med Taylor Larimore, Mel Lindauer og Richard Ferri er Dogu medforfattar av The Bogleheads' Guide to Retirement Planning. Ho er ein av leiarane for nettbaserte Bogleheads (www.bogleheads.org).[3][4]

Ambassadør til Nicaragua[endre | endre wikiteksten]

Den 13. mai 2015 nominerte president Barack Obama Dogu til ambassadør til Nicaragua.[5] Det vart hlade høyringar for utanrikskomitéen i Senatet om nominasjonen hennar 15. juli 2015. Den 29. juli 2015 rapporterte komiteen positivt om nominasjonen til Senatet. Dogu vart stadfesta av heile Senatet ved munnleg akklamasjon 5. august 2015.[6]

Ambassadør i Honduras[endre | endre wikiteksten]

Den 5. november 2021 nominerte president Joe Biden Dogu til ambassadør til Honduras.[7] Det vart halde høyringar for Foreign Relations Committee den 8. februar 2022. Komiteen rapporterte positivt om nominasjonen hennar til Senatet 8. mars 2022. Heile Senatet stadfesta Dogu ved munnleg akklamasjon 10. mars 2022.[8] Ho kom til Honduras 6. april 2022, og presenterte sine akkreditiv til den honduranske presidenten Xiomara Castro de Zelaya den 12. april.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Ambassador Arkivert 2006-09-23 ved Wayback Machine. U.S. Embassy, Nicaragua, lest 11. april 2016
  2. Statement of Laura F. Dogu Nominee for U.S. Ambassador to Nicaragua Senate Foreign Relations Committee 15. juli 2015 Senate Foreign Relations Committee, 15. juli 2015
  3. How Much Do You Need for Retirement? The Morning Star, 5. januar 2011
  4. It's All About Your Asset Allocation Forbes, 23. desember 2009
  5. «President Obama Announces More Key Administration Posts». The White House. 13. mai 2015. Henta 24. mars 2022. 
  6. «PN476 — Laura Farnsworth Dogu — Department of State 114th Congress (2015-2016)». US Congress. 5. august 2015. Henta 24. mars 2022. 
  7. «President Biden Announces Additional Members of His Diplomatic and Homeland Security Teams». The White House. 5. november 2021. Henta 24. mars 2022. 
  8. «PN1409 — Laura Farnsworth Dogu — Department of State 117th Congress (2021-2022)». US Congress. 10. mars 2022. Henta 24. mars 2022. 
  9. Dogu, Laura F. [@USAmbHonduras] (12. april 2022). «Fue un honor presentar mis cartas credenciales como Embajadora de los Estados Unidos de América ante el pueblo y gobierno de Honduras a la Presidenta @XiomaraCastroZ» (Tweet) (på spansk). Henta 14. april 2022 – via Twitter. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Laura Farnsworth Dogu