Laura Muir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laura Muir


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 9. mai 1993 (30 år)
Inverness
Idrett friidrett
Tok del i

VM i friidrett innandørs 2018, Samveldeleikane 2014, Friidrett under Sommer-OL 2016 – 1500 meter kvinner, Friidrett under Sommer-OL 2020 – 1500 meter kvinner

Laura Muir (fødd 9. mai 1993) er ein britisk mellomdistanseløpar frå Inverness som vart europameister på 1500 meter i 2018 og vann sølvmedaljen på same distansen under Sommar-OL i 2021.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Muir vart Diamond League-meister på 1500 m i 2016 og 2018, fyrste året gjennom poengfangst, siste året grunna siger i finaleløpet. Ho sette britisk rekord på distansen under DL-stemnet i London i juli 2016, ein månad seinare forbetra ho den til 3.55,2 ved DL-stemnet i Paris.

På 1500 meter vart Muir nummer fem i VM 2015, nummer sju i Sommar-OL 2016 og ho kom på fjerdeplass i VM 2017. 12. august 2018 sprang ho inn til gullmedalje på distansen under europameisterskapen i Berlin, det var fyrste gongen ei britisk kvinne vann 1500-meteren i EM. I VM 2019 enda ho opp på femteplass, trass i sterke 3.55,7.

Sommaren 2021 sette Muir personleg rekord på 800 meter med 1.56,73 då ho sigra i DL-stemnet i Monaco. Nokre veker seinare presterte ho i OL-finalen i Tokyo livsbeste og sette britisk rekord med tida 3.54,5. Prestasjonen sikra henne sølvmedaljen, kenyanske Faith Kipyegon sette olympisk rekord med sine 3.53,1.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]