Laurasia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Laurasia-Gondwana.svg

Laurasia var eit superkontinent som seint i mesozoikum braut laus frå superkotinentet Pangea. Det bestod hovudsakleg av landmassar som i dag ligg på den nordlege halvkula, som Laurentia (den nordamerikanske kratonen), Baltica, Sibir, Kazakhstania og Nord-Kina og Aust-Kina.

Namnet er ein kombinasjon av Laurentia og Eurasia.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om ein hovudsakleg tenker på Laurasia som eit kontinent frå mesozoikum, meiner ein at det same kontinentet som seinare danna Laurasia òg eksisterte som eit samanhengande kontinent etter at Rodinia braut opp for rundt 1 milliard år sidan. For å ikkje forvekslast med kontinentet i mesozoikum vert dette eldre kontinentet kalla Proto-Laurasia. Ein meiner at Laurasia ikkje braut opp før det slo seg saman med dei sørlege kontinenta seint i prekambrium og danna superkontinentet Pannotia, som varte fram til tidleg kambrium.

Oppbryting og samankomst[endre | endre wikiteksten]

I kambrium låg Laurasia nær ekvator og byrja å bryte sundt. Nord-Kina og Sibir dreiv så lenger nord enn noko kontinent hadde vore dei siste 500 millionar åra. I devontida låg Nord-Kina nær polarsirkelen og var det nordlegaste landområdet gjennom karbonistida mellom 300 og 280 millionar år sidan. Ein har derimot ikkje funne spor etter isbredanning på desse kontinenta i denne perioden. Laurentia og Baltica slo seg derimot samen på denne tida og Appalachane vart danna, samt dei store kolførekomstane i Vest-Virigina, Storbritannia og Tyskland. Sibir flytta seg sørover og slo seg saman med Kazakhstania og danne eit lite kontinent som ein meiner vart danna i silur gjennom omfattande vulkansk aktivitet. Då desse to kontinenta slo seg saman var Laurasia nesten danna på nytt, og ved byrjinga av trias, vart Aust-Kina ein del av Laursia, som så kolliderte med Gondwana i sør og danna Pangea.

Siste oppbryting[endre | endre wikiteksten]

For rundt 200 millionar år sidan starta Pangea å bryte sundt. Mellom austlege område av Nord-Amerika og nordvestlege delar av Afrika danna Atlanterhavet seg, sjølv om Grønland og Europa framleis var knytt saman. Europa og Grønland skilde lag for om lag 60 millionar år sidan (i paleocen). Til slutt delte Laurasia seg opp i dei to landmassane som har gjeve namn til kontinentet, Laurentia (i dag Nord-Amerika) og Eurasia (utanom India og Arabia).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]