Lauren Southern
Utsjånad
| Lauren Southern | |
| Fødenamn | Lauren Cherie Southern |
| Nasjonalitet | Canada |
| Statsborgarskap | Canada |
| Fødd | 16. juni 1995 (30 år) Surrey |
| Bustad | Toronto |
| Yrke | Politisk aktivist |
| Språk | engelsk |
| Politisk parti | Libertarian Party of Canada |
| Nettstad | https://laurensouthern.net/ |
| Lauren Southern på Commons | |
Lauren Cherie Southern (fødd 16. juni 1995) er ein kanadisk konservativ aktivist, forfattar, politisk kommentator og journalist. Ho har vorte skildra som «alt-right», men har sjølv hevda at ho ikkje er det i ein video ho laga som respons til ein annan YouTube-person.[1]
Lauren Southern stilte som kandidat for Libertarian Party of Canada under det føderale valet i 2015 i Canada. Ho arbeidde for den politiske kommentatorplattforma The Rebel Media fram til mars 2017, og har skrive for Spiked, International Business Times og The Libertarian Republic. Southern har halde fram med å arbeide uavhengig og har lagt ut fleire videoar på YouTube. I mars 2018 vart ho nekta å reise inn i Storbritannia på grunn av sine politiske intensjonar.[2][3]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Høyreekstreme aksjonerte mot redningsbåt i Middelhavet». Dagsavisen. 29. juni 2017.
- ↑ «Theresa May nekter «right-wingers» innreise». Document.no. 12. mars 2018.
- ↑ «Nordmann anholdt og nektet innreise på London-flyplass på grunn av «verdier og holdninger»». Aftenposten. 9. mai 2018.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Lauren Southern ved The Internet Movie Database (IMDb)