Laurentz Johansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Laurentz Johansen
Fødd 21. september 1837
Kristiansand
Død

16. juli 1918
Kristiansand

Yrke politikar

Laurentz Johansen (21. september 183716. juli 1918) var ein norsk snikkarmeister, tobakksfabrikant og stortingsmann frå Kristiansand.

Johansen var son til ein snikkar, og vart sjølv lært opp i faget. Han vart utlært snikkar i heimbyen, og arbeidde sidan som svein i både Sverige, Danmark og Tyskland. Sidan dreiv han ei større møbelforretning i Kristiansand, frå 1869 hadde han ein fabrikk som laga skråtobakk. I 1892 brann møbelforretninga ned, og vart ikkje teken opp att. Han starta i staden opp produksjon av sigarar i tillegg til skråtobakken.

Johansen var medlem av formannskapet i Kristiansand i 20 år, eitt år varaordførar. Han var medlem av forlikskommisjonen, sparebankdirektør, og hadde elles mange andre verv.

Johansen representerte Kristiansand på Stortinget 1883-88 og 1892-94, samt han møtte største delen av valperioden 1898-1900, då han var vald til 1. varamann. 1883-85 var han medlem av tollkomiteen. Dei neste periodane, 1886-88 og 1892-94, var han medlem i same komiteen og i tillegg medlem av Lagtinget. Han var 1898-99 medlem av gasje- og pensjonskomiteen, og 1899-1900 av næringskomite nr 1.

Han døydde i Kristiansand i 1918.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]