Laurie Allan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Laurie Allan
Fødd19. februar 1943 (81 år)
FødestadLondon
OpphavStorbritannia
Sjangerprogressiv rock
Instrumenttrommesett
Verka somperkusjonist, jazzmusikar

Laurie Allan (fødd 19. februar 1943) er ein engelsk trommeslagar, mest kjend som medlem av Delivery og Gong.

Etter å ha spelt i ymse band i 1960-åra vart Allan medlem av Delivery i 1971 og erstatta Pip Pyle, som då gjekk til Gong.[1] I 1972 erstatta Allan igjen Pyle då han gjekk til Gong. Allan slutta i Gong i 1973 for å bli med i eit nytt Delivery, men dette varte ikkje lenger. Han spelte sidan med Miller og Lol Coxhill sitt The Story So Far/Oh Really? (1974), Ralph McTell-albumet Not till Tomorrow (1972) og Bert Jansch-albumet Moonshine (1973).

Allan spelte òg med Robert Wyatt, på albuma Rock Bottom oog Ruth Is Stranger Than Richard, og han var tidlegare i eit forhold med artisten Alfie Benge før ho gifta seg med Wyatt.[2]

Allan kom attende til Gong i 1974 og var med bandet nokre år etter et, inkludert i avleiaren Mother Gong i 1978.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Prog. Una suite lunga mezzo secolo», by Donato Zoppo. Arcana, 2017.
  2. «Different Every Time: The Authorised Biography of Robert Wyatt», by Marcus O’Dair. Serpent's Tail, 2014