Laurits K. Grønnevet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Laurits K. Grønnevet
Fødd 27. oktober 1874
Død

11. mars 1959

Laurits K. Grønnevet (27. oktober 187411. mars 1959) var ein norsk fiskar, bonde, postopnar og lokalpolitikar. Han var fødd på garden Sætre i Vartdal kommune, seinare Ørsta, på Sunnmøre. Han tok til som fiskar i open møringsbåt 15 år gammal. Seinare var han førar på eigne båtar. I 1921 slutta han som fiskar og vart postopnar, noko han var til 1944.

L.K. Grønnevet hadde mange offentlege verv og oppgåver. i heimkommunen vart han vald til headstyret i 1910. I 1912 vart han ordførar. Det var han i fleire bolkar, til saman i 14 år. Han var formann i forstandarskapet i Vartdal Sparebank. Medhjelpar til presten i Vartdal kyrkje var han i 36 år.

Som ordførar var han medlem av fylkestinget. I åtte år sat han i fylkesskulestyret. Grønnevet sat ofte i lagretten. Oftast var det i jordskifte- og grensegangforretningar. I 1935 gjekk han, saman med andre, frå Ålesund til Kristiansund i høve vegskjøn. Dei mest krevjande oppgåvene han utførte for samfunnet, rekna han sjølv å vere arbeidet med matforsyninga under første verdskrigen, og formannsjobben i byggenemnda for Vartdal kraftverk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Minne og opplevingar oppskrivne av .K.Grønnevet - Vartdal Upublisert.