Laurits Martin Esmark
Laurits Martin Esmark | |
![]() | |
Fødd | 22. januar 1806 Kongsberg |
---|---|
Død | 14. desember 1884 |
Nasjonalitet | Noreg |
Område | entomologi, virveldyr, herpetologi |
Yrke | zoolog, universitetslærar, vitenskapelig ansatt, konservator |
Institusjonar | Universitetet i Oslo |
Laurits Martin Esmark (22. januar 1806–14. desember 1884) var ein norsk zoolog, mest kjend for å ha samla ulike dyreartar til Zoologisk Museum. Jens Esmark[1] var far hans og Morten Thrane Esmark bror hans.
Esmark var fødd på Kongsberg, voks opp der og i hovudstaden. Han vart universitetsstipendiat i 1843 og konservator ved Zoologisk Museum i 1847. Frå 1854 var han lektor i zoologi og styrar for dei zoologisk samlingane. Han var professor ved Universitetet i Oslo 1863-84.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Laurits Esmark i Store norske leksikon, lesen på nett 3. november 2012.
- Norsk Allkunnebok. IV, bandet. 1952