Lauritz Jenssen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lauritz Jenssen
Fødd 25. mars 1837
Død 7. juni 1899

Lauritz Jenssen (25. mars 18377. juni 1899) var ein norsk brukseigar og stortingsmann frå Trondheim.

Jenssen tok eksamen som maskiningeniør ved den polytekniske skulen i Karlsruhe i 1860. Same året tok han over styringa av Ranheim Bruk i Strinda, eigar av bedrifta frå 1867 til 1896. Han var medlem av heradsstyret i Strinda frå 1870 og ordførar 1888-89.

Jenssen var medlem av departementskomiteane som drøfta lakselova i 1872 og om tekniske skular i 1878. I 1876 var han medlem av vassdragskommisjonen. Frå 1884 var han medlem av representantskapet i Noregs Bank.

Jenssen var 4. representant frå Søndre Trondhjems amt på Stortinget 1880-82 og på omframstortinget 1882. Han var medlem av jarnbanekomiteen.

Han døydde på Ranheim i 1899.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914