Lauritz Sirevaag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lauritz Sirevaag
Fødd 15. mars 1926
Stavanger kommune
Død

11. november 2016

Yrke politikar, banksjef

Lauritz Bernhard Sirevaag (14. mars 192611. november 2016) var ein norsk bankmann og politikar frå Stavanger. Han representerte Rogaland og partiet HøgreStortinget frå 1969 til -77.

Sirevaag var avdelingssjef i Sandnes Dampskibs-Aktieselskab 1948-1965 og sonesjef i A/S Norske Esso i Stavanger åra 1966-69. Etter åtte år på Stortinget var han frå 1977 banksjef i Rogalandsbanken A/S, fyrst fem år på Bryne og sidan like lenge i Sandnes. Der etter var han regionbanksjef og til sist distriktsbanksjef 1991-93 i Fokus Bank A/S.

Sirevaag var aktiv i lokal- og fylkespolitikken i Sandnes og i Rogaland i fleire tiår. Han var med i formannskapet i Sandnes frå 1964 til 1971, ordførar i kommunen 1968-69. Hausten 1969 vart han vald til stortingsrepresentant for Høgre i Rogaland, attvald i 1973. Dei fire fyrste åra på Stortinget var han medlem i Sosialkomiteen, i den andre tingperioden hadde han sete i Industrikomiteen. Seinare var han i tolv år, 1987-99, medlem i fylkestinget i Rogaland, der han i perioden 1987–91 var med i fylkesutvalet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]