Lauryn Williams
Lauryn Williams | |
![]() | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 11. september 1983 (41 år) Pittsburgh |
Yrke | sprintar, bobkjører |
Høgd | 160 centimeter |
Nettstad | http://lauryn-williams.com/ |
Lauryn Williams på Commons |

Lauryn Williams (fødd 11. september 1983) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar og bobkøyrar. Ho vart på friidrettsbana verdsmeister på 100 meter i 2005. Elles vann ho to individuelle sølvmedaljar på same distansen og tre gullmedaljar i 4 x 100 meter stafett i tida 2004-12, eitt gull og eitt sølv kom i olympiske sommarleikar. I 2014 vann ho sølvmedalje i toarbob i olympiske vinterleikar. Williams er ein av einast ti personar som har vunne medalje både i sommar- og vinter-OL.
Friidrett
[endre | endre wikiteksten]Williams tok sølvmedaljen på 100 meter i OL 2004 i Athen, tre hundredels sekund unna gullmedaljen og eit hundredels sekund framom bronsen. Året etter vann Williams gull på same distansen då VM 2005 fann stad i Helsinki, 0,02 sekund framom Veronica Campbell frå Jamaica. I same meisterskapen sprang Williams USA inn til siger i 4 x 100 m stafett. To år seinare vart Williams sølvmedaljør under VM 2007 i Osaka på tida 11,01, same tid som gullmedaljevinnar Veronica Campbell. Saman med tre nye lagveninner syrgde ho elles for at USA forsvarte VM-tittelen på den korte stafetten. Williams vart under London-OL 2012 tildelt OL-gull i 4 x 100 m stafett for sin innsats i kvalifiseringa, men deltok ikkje på laget som sette verdsrekord i finalen.
Bobslede
[endre | endre wikiteksten]Saman med Elana Meyers tok Williams sølvmedaljen i toarbob for kvinner under dei olympiske vinterleikane i Sotsji i februar 2014. Med tida 3.50,71 enda dei 0,10 sekund bakom gullvinnarane frå Canada.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- VM 2003 i Paris: Sølv i 4 x 100 m stafett
- OL 2004 i Aten: Sølvmedalje på 100 m – 10,96, bakom Julija Nesjtsjarenka (10,93)
- VM 2005 i Helsinki: Gull på 100 m – 10,93, framom Veronica Campbell (10,95). Gull i 4 x 100 m stafett
- VM 2007 i Osaka: Sølv på 100 m – 11,01, bakom Veronica Campbell (11,01). Gull i 4 x 100 m stafett
- OL 2008 i Beijing: Nr 4 på 100 m – 11,03
- VM 2009 i Berlin: Nr 5 på 100 m – 11,01
- OL 2012 i London: Gull i 4 x 100 m stafett
- Vinter-OL 2014 i Sotsji: Sølvmedalje i toarbob
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lauryn Williams» frå Wikipedia på engelsk, den 13. juli 2018.
- Einskildkvinner
- Fødde i 1983
- Sprintarar frå USA
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2004
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2008
- USA-amerikanske deltakarar under sommar-OL 2012
- USA-amerikanske deltakarar under vinter-OL 2014
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2004
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2008
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 2012
- Olympiske meistrar for USA