Lauvøyfjorden på Nordmøre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lauvøyfjorden sett frå Atlanterhavsvegen

Lauvøyfjorden er ein fjord langs kommunegrensa mellom Eide og AverøyNordmøre. Fjorden ligg på vestsida av Averøya strekkjer seg 4,5 km sørover og held fram som Kornstadfjorden på sørvestsida av øya.

Atlanterhavsvegen markerer innløpet til fjorden i nord. Dette vegstykket langs riksveg 64 er ein kjend turistattraksjon med fleire bruer som kryssar dei mange holmane og skjera i fjorden, heilt ytst i havgapet.

Kårvåg ligg ved den austlege enden av Atlanterhavsvegen og i vest ligg Vevang. Ved Tevikholmen i sør går fjorden over i Kornstadfjorden som held fram søraustover.