Lauvavatnet

Koordinatar: 61°21′24.5″N 6°9′8.4″E / 61.356806°N 6.152333°E / 61.356806; 6.152333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lauvavatnet
innsjø
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Sunnfjord
Høgd over havet 180 moh.
Areal 1,99 km²
Koordinatar 61°21′24.5″N 6°9′8.4″E / 61.356806°N 6.152333°E / 61.356806; 6.152333
Kart
Lauvavatnet
61°21′25″N 6°09′08″E / 61.356806°N 6.152333°E / 61.356806; 6.152333

Lauvavatnet er ein innsjø i Sunnfjord kommune og er ein del av Gaularvassdraget. Vatnet ligg i dalføret Råheimsdalen som er ein del av Viksdalen. Elva Gaula kjem frå Haukedalsvatnet, passerer Vallestadfossen før ho renn rolegare fram Råheimsdalen og ut i vatnet. Utløpet fører vidare mot Viksdalsvatnet.

Ein teori om namnet er at det kjem av fasongen på vatnet, det ser ut som eit lauv ovanfrå.

Lauvavatnet er eit godt fiskevatn for aure, og er eit av vatna som er med i konkurransen Sunnfjord aurefiskefest.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.