Lauvdal

Koordinatar: 58°47′40″N 7°49′08″E / 58.7944°N 7.8189°E / 58.7944; 7.8189
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°47′40″N 7°49′08″E / 58.7944°N 7.8189°E / 58.7944; 7.8189

Lauvdal
Land  Noreg
Kart
Lauvdal
58°47′30″N 7°49′00″E / 58.79166667°N 7.81666667°E / 58.79166667; 7.81666667

Lauvdal er ei bygd som ligg i Bygland kommune ved riksveg 9 på austsida av Byglandsfjorden i Agder. Bygda ligg 6 km sør for Bygland sentrum. Lauvdal ligg i sørhallet ned mot fjorden og er eit prioritert kulturlandskap i Bygland kommune. Mange fornminne viser at det har vore busetnad her i svært lang tid. Blant anna er det funne ein spydspiss med sølvinnlegg. Han er send til eit museum i Oslo.

Tidlegare har det vore vanleg å drive med sauer og kyr, men i dag er det berre to bønder igjen.

Husmannsplassen Hagen[endre | endre wikiteksten]

Lengst nord på Lauvdal ligg husmannsplassen Hagen. Han blei fråflytta på 1960-talet og har fått stå urørt etter det. I dag er han ein del av Setesdalsmuseet sin bygningsmasse. Han ligg like ved vegen.

Kjente personar frå Lauvdal[endre | endre wikiteksten]

  • Åsulv Lande, professor i teologi ved Universitet i Lund
  • Gunvor Lande, dr. theol. førsteamanuensis i teologi ved Høgskolen i Agder
  • Vidar Lande, professor ved Høgskolen i Telemark og folkemusikar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]