Lavangen skole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lavangen skole, inntil januar 2005 Lavangen sentralskole, er ein kommunal barne- og ungdomsskule i Tennevoll i Lavangen kommune. Skulen har 121 elevar frå 1. til 10. klasse (skuleåret 2012–2013) og 29 tilsette.[1][2] Rektor er Arla Vilhelmsson.[3]

I 1961 var alle elevane i Lavangen, med unntak av den veglause grenda Lavangsnes, vortne sentralisert til skulen i Tennevoll. Spansdalen skule vart lagt ned i 1954, Fossbakken i 1961 og Lavangsnes i 1972.

I 2010 kåra Kommunal Rapport Lavangen skule til Noregs beste grunnskule for skuleåret 2009/2010, og for skuleåret 2011/2012 viste tala at han var best i Troms.[4][5]

Lavangen sameskole[endre | endre wikiteksten]

Frå 1980 vart det tilbode valgfagundervisning i samisk språk for elevar frå 4. klasse og opp og frå hausten 1992 vart det innført ei ordning med eigne klasser for samiske elevar. Då samiske foreldre utrykte misnøye mot at samiske klasser skulle opphalde seg på sentralskulen, vart det etter kvart reist krav om ein eigen sameskule i Spansdalen. Det vart inngått eit kompromiss der dei samiske klassene fekk eigne, nyopppussa lokale i ein bygning ved sentralskulen. Verksemda fekk namnet Lavangen sameskole.

Lavangen sameskole vart offisielt opna den 8. februar 2000. Sameskulen ligg under leiinga på Lavangen skule, som òg disponerer resursane til administrative oppgåver. Sameskulen har på det meste hatt i overkant av 20 elevar. Skuleåret 2006/2007 hadde mengda sokke til seks og det vart påstått at tilbodet ikkje gjorde elevane tospråklege.[6] I 2012 vart sameskuletilbodet beteikna som ikkje-fungerande, men tilbodet er oppretthalde.[7]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Utdanningsdirektoratet: Lavangen skule i skuleporten[daud lenkje]. Vitja 30. august 2013.
  2. Firmasøk på io.no. Vitja 30. august 2013.
  3. Lavangen kommune: Lavangen skule[daud lenkje]. Vitja 30. august 2013.
  4. sine_og_finnmark/1.7266542 NRK Nordnytt: «Her er landets beste skole», 27. august 2010.
  5. Framovers artikkel 23. juli 2013: Denne skulen er ein av dei aller beste[daud lenkje]. Vitja 30. august 2013.
  6. NRK Sápmi 11. desember 2007: Slit med elevtallet. Vitja 30. august 2013.
  7. Lavangen kommune, dokument frå møte i Samepolitisk utval 14. mars 2012. filt/wwww8s5jar-mte_i_spu_140312/$FILE/mte_i_spu_140312.pdf . Samisk språkplan for Lavangen kommune 2011-2015 Kapittel 2: Språksituasjonen i dag[daud lenkje]. Vitja 30. august 2013.

Kilder[endre | endre wikiteksten]