Lavering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Rembrandt brukte lavering i sine avbildingar av løver for å framheva kontrasten mellom «den harde manen og mjuke huda».
Lavering har blitt brukt innan arkitekturteikningar i meir enn 300 år.

Lavering er ein teknikk innan teikne- og målekunst der noko blir skuggelagt eller modellert med pensel og sterkt fortynna blekk, tusj, sepia og liknande.[1] Teikningar med blyant- eller penn kan etterarbeidast med bruk av lavering for å få ein målarisk heilskapsverknad, eller for å aksentuera den plastiske forma. Lavering var særleg utbreidd i kunstepokar som var innstilt på målariske verknader, som i barokken.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Lavering. (19. august 2015). I Store norske leksikon. Henta 6. januar 2017.