Hopp til innhald

Lavik-Oppedal-Brekke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lavik-Oppedal-Brekke
TraséLavik-Oppedal-Brekke
RutenettTidlegare ferjesamband i Sogn
DriftselskapFylkesbaatane
Oppretta1965
Som del avRiksveg 14
Nedlagd1991
Overtok forInstefjord-Oppedal-Lavik
Erstatta avLavik-Oppedal
FylkeSogn og Fjordane

Lavik-Oppedal-Brekke var eit ferjesamband over Sognefjorden som del av Riksveg 14 mellom Lavik i Høyanger kommune, og Oppedal og Brekke i Gulen kommune. Sambandet var eit framhald av Lavik-Oppedal-Instefjord som del av eit sumarleg gjennomgåande veg- og ferjesamband mellom Bergen og Sunnfjord, og vart til i 1965 med opninga av nye Fylkesveg 2 i Sogn og Fjordane (dagens Fylkesveg 5436) gjennom Yndesdalen mellom Brekke og Byrkjeland i Masfjorden kommune. Med dette vart det ei større endring i det gjennongåande veg- og ferjesambandet. På denne tida var Riksveg 14 på sørsida av Sognefjorden berre bygd mellom Instefjord og Romarheim, og det var soleis ingen veg frå Romarheim mot Bergen.[1]

Frå Bergen var det veg nordover til Hordvik i Bergen kommune, og fyrste ferjesamband Steinestø-Knarvik over Salhusfjorden til Knarvik i dåverande Lindås kommune. Mellom 1955 og 1965 gjekk vegsambandet til Vågseidet sør for Lindås før ein tok av austover til Sævrås og det andre ferjesambandet Sævråsvåg-Solheim over Fensfjorden og innover Masfjorden. Vidare frå Solheim gjekk vegen til Instefjord og det tredje ferjesambandet Instefjord-Oppedal-Lavik.

Frå hausten 1965 vart gjekk det eit nytt mellombels ferjesamband Sævråsvåg-Risnes til Risnes vest i Masfjorden kommune.gjekk vegen til Steine og ny veg austover til Haugsdal i Masfjorden kommune. Herifrå kunne lette køyretøy køyre den stuttaste vegen nordover om Sleire og Yndesdalen til Brekke, medan tyngre køyretøy måtte køyre vestover om Eidsfjorden og Austgulen til Brekke.

For å korte ned på overfartstida mellom Lindås og Masfjorden vart ferjeleiet i Risnes flytta til Duesund i 1967, og Sævråsvåg-Duesund vart eit riksvegsamband Med dette fekk alle ferjeleie på vegsambandet høvelege ferjekaier, og ferjesambanda var frå no av heilårlege. I 1968 opna vegen mellom Brekke og Instefjord.

Den 22. juni 1990 opna den nye Riksveg 14 frå Knarvik om Romarheim og Matre til Instefjord, og vidare ny veg til Oppedal. Vegen kjenner me i dag som Europaveg 39. Som fylgje av dette vart Oppedal ferjekai stengt for opprusting frå 1990 til 1991, og sambandet gjekk det siste året som Lavik-Brekke. I 1991 vart Brekke sløyfa frå sambandet, som sidan har gått som Lavik-Oppedal.

  1. Erling Welle-Strand (1968). «Bilturer i Norge». Landslaget for Reiselivet i Norge. s. 60–61. Henta 13. november 2024. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]