Lavrans Solli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lavrans Solli

Kazan 2015 - Lavrans Solli 50m backstroke final.jpg

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. februar 1992
Oslo
Idrett svømming
Yrke symjar

Lavrans Solli (fødd 21. februar 1992 i Oslo) er ein norsk symjar som representerer Bergens Svømme Club.

Solli tok tre gull under junior-NM i Bergen. Distansane var 50, 100 og 200 meter rygg. Han sette også juniorrekord under sommar-OL for ungdom 2010, og fekk bronse på 100 meter rygg.[1]

I mai 2012 sette Solli ny noregsrekord på 100 meter rygg under EM i symjing 2012 i Debrecen med tida 54,83. Han sette også ny nordisk rekord på 50 meter rygg under same EM med 25,28. På begge desse distansane var det han sjølv som hadde den tidlegare noregsrekorden.[2] Den nye noregsrekorden på 100 meter rygg vart avgjerande for at Solli fekk representera Noreg under sommar-OL 2012, som «læregut».[3]

I juli 2012 tok Solli sitt tredje ordinære NM-gull i Tøyenbadet i Oslo.[4]

Lavrans Solli deltok under sommar-OL 2012 saman med symjarane Sara Nordenstam og Ingvild Snildal. Solli sumde 100 meter rygg, og var sju tidelar unna å koma i semifinalen.[5]

Under NM i symjing 2013 vann Solli alle dei 7 distansane han deltok i.

Olympiske medaljar[endre | endre wikiteksten]

Flagget til Singapore Sommar-OL for ungdom 2010[endre | endre wikiteksten]

Flagget til Noreg Noreg[endre | endre wikiteksten]

Bronze medal icon.svg
Bronse på 100 meter rygg
Gold medal icon.svg
Gull på 200 meter rygg (NM 2013)
Gold medal icon.svg
Gull på 4x100 meter  fri (NM 2013)
Gold medal icon.svg
Gull på 4x50 meter lag medley (NM 2013)
Gold medal icon.svg
Gull på 50 meter rygg (NM 2013)
Bronze medal icon.svg
Bronse på 4x200 meter fri (NM 2013)
Gold medal icon.svg
Gull på 4x50 meter fri (NM 2013)
Gold medal icon.svg
Gull på 100 meter fri (NM 2013)
Gold medal icon.svg
Gull på 4x100 meter lag medley

Kjelder[endre | endre wikiteksten]