Lavregionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Lavregionen er den øvre vegetasjonssonen på snaufjellet. I lågare delar finn ein dei same plantane som i vierregionen, men vegetasjonen er meir glissen. Vierkratt og dvergbjørk er vekke. Blåbærlyngen også, unnateke spreidde førekomstar. Likevel er her lyngheiar, Desse er dels samansette av andre artar enn ein finn i vierregionen. Slik som den vakre moselyngen. Nord for Salten kan kantlyngen dominere og forme vidstrekte matter, særleg i nordskråningar. Etter kvart som ein kjem høgare tek vegetasjonen preg av gras- og halvgrasartar, som dannar grasheiar og som saman med snøleiesamfunn dekker store areal. Dess høgare ein kjem, dess meir oppsplitta vert vegetasjonen av sterile blokkmarkar. I øvre del av lavregionen er det ikkje lengre samanhengande vegetasjon av lyng- eller grasartar, og dei spreidde førekomstane av blomsterplantar gøymer seg bort mellom frostsprengde steinar og i rivner i den grusfylte jorda. Lavet, som er eit element i alle vegetasjonsbelte, kjem til sin rett, og på dei høgaste fjelltoppane (i Sør-Noreg over 2000-2300 m.o.h.) er det nesten einerådande, unnateke somme moseartar som også veks høgt. Lavregionen byr på harde livsvilkår for dyr og plantar. Store delar er dominerte av blokkmarkar, flytjord, urer, snø og is.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]