Soga om laksdølane
Soga om laksdølane (norrønt Laxdæla saga) er ei islendingesoge som vart skriven mellom 1230 og 1260.[1][2] Historia finn stad vest på Island, og følgjer ei slekt gjennom sju eller åtte slektledd i åra før og etter år 1000.
Handling
[endre | endre wikiteksten]Hovudhandlinga ligg i sjette generasjonen: det tragiske og destruktive trekantdramaet mellom fosterbrørne og fetrane Kjartan og Bolle, som begge elskar Gudrun, og som begge døyr på grunn av kjærleiksrivaliseringa. Soga har vorte skildra som «ein av dei største kjærleikstragediar i nordisk litteratur, skildra med psykologisk djupsyn og stor litterær kunst»,[2] og «dens beskrivelser avslører også innflytelse fra ridderdiktningen som hadde blitt oversatt fra franske originaler under styret til kong Håkon den gamle av Norge på 1200-tallet.»[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Björn Sigfússon. «Laxdæla saga» i KLNM. Gyldendal, 1956-78
- ↑ 2,0 2,1 Bjarne Fidjestøl i forordet til Soga om Laksdølane, Samlaget, 1968
- ↑ Fornrit 2011 (PDF) Arkivert 2013-01-24 ved Wayback Machine., forlagspresentasjon av samleutgave av sagaene. Originalsitat: «its descriptions also reveal the influence of chivalric sagas that had been translated from French originals during the reign of King Hákon the Old of Norway early in the thirteenth century»
- Denne artikkelen bygger på «Laksdøla saga» frå Wikipedia på bokmål, den 23. oktober 2016.