Lazing on a Sunday Afternoon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lazing on a Sunday Afternoon
Song av Queen
frå albumet A Night at the Opera
Utgjeve 1975
Innspelt 1975 at Sarm East Studios
Sjanger rock, glamrock, varieté
Lengd 1:07
Selskap EMI, Parlophone (Europe)
Elektra, Hollywood (US)
Låtskrivar(ar) Freddie Mercury
Produsent Queen, Roy Thomas Baker

«Lazing on a Sunday Afternoon» er ein song av det britiske rockebandet Queen, først gjeve ut på det fjerde studioalbumet deira, A Night at the Opera i 1975. Det er ein av fem songar av Freddie Mercury på albumet.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Lazing on a Sunday Afternoon» er ein av dei kortaste songane til Queen, berre like over eitt minutt lang. Mercury spelte piano og song all vokal på songen. Solovokalen vart sungen i studio og reprodusert gjennom hovudtelefonar i ei tinnbøtte i ein annan stad i studio, for å få ein hol megafon-lyd.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt på dei fleste konsertane deira i 1976. Den første kjende konsertversjonen av songen var i starten av den amerikanske delen av A Night at the Opera-turneen i 1976. Songen vart ikkje spelt på den britiske delen av turneen året etter.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]