Le-virvel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein le-virvel er ein virvel som oppstår i ein gass- eller væskestraum etter straumen har passert ei brå hindring. Dette kjem av at straumen mistar kontakten med underlaget slik at det vert danna eit undertrykk i gassen eller væska. Virvlane kan vere ståande (stasjonære) eller dei kan rive seg laus og drive nedstraums med straumen. Ved straumar på begge sider av ein konstruksjon, kan virvlane avløysast vekselsvis på begge sider. Om denne virvelavløysinga skjer rytmisk, kan dette få lange, slanke lekamar til å svinge, til dømes bruer. Dette er òg årsaka til at flagg blafrar i elles jamn vind.

I atmosfæren[endre | endre wikiteksten]

Le-virvler kan oppstå bak bratte fjell, som le-lågtrykk, og kan der gje sterk og turbulent vind. Fjellformer som ved visse vindretningar gjer at lufta kring fjellet vert soge inn i undertrykket av ein luftstraum over fjellet er særleg effektive. Det oppstår då eit hydraulisk sprang som kan medføre til sterk vind ned mot bakken. Mange av dei mest alvorlege skadane under Nyårsorkanen i 1992 oppstod på le-sida av slike fjell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]