Le Duan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Le Duan
uttalt [lē zʷə̂n]
Le Duan.png
Fødd7. april 1907
Quang Tri
Død10. juli 1986
Hanoi
NasjonalitetVietnam
PartiDet vietnamesiske kommunistpartiet
Yrkepolitikar
Andre namnuttalt [lē zʷə̂n]
BarnLe Kien Trung
VervGeneralsekretær i det vietnamesiske kommunistpartiet 10. september 1960-10. juli 1986
FøregangarHồ Chí Minh
EtterfylgjarTrường Chinh

Lê Duẩn eller Le Duan (7. april 190710. juli 1986) var ein vietnamesisk politikar.

Lê Duẩn var fødd som Lê Văn Nhuận i landsbyen Bich La village i Quảng Trị-provinsen den 7. april 1907[1] (eller 1908 ifølgje nokre kjelder)[2][3] i ein fattig familie med fem barn.[2][4] Han blei utdanna i det franske kolonisystemet og fekk arbeid hjå Det vietnameiske jernbaneselskapet i Hanoi på 1920-talet.[2] Gjennom arbeidet kom han i kontakt med fleire kommunistar.[5] På denne tida blei han marxist.[6] Han blei medlem av den revolusjonære ungdomsligaen i 1928.[7]

I 1930 var Lê Duẩn ein av stiftarane av det indokinesiske kommunistpartiet, der han etter kvart blei ein av leiarane i Vietnam, både innan parti og statsstyre. Han var fengsla av kolonistyresmaktene få 1931 til 1937. Frå 1937 til 1939 steig han i gradene innan partiet, og blei med i sentralkomiteen.[8] Han blei fengsla igjen året etter for oppvigleri. Etter fem år i fengsel blei han sleppt fri, kort tid etter Augustrevolusjonen i 1945, då det indokinesiske kommunistpartiet tok makta. Han blei ein støttespelar for den vietnamesiske kommunistleiaren Hồ Chí Minh.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Le, Quynh (14. juli 2006). «Vietnam ambivalent on Lê Duẩn's legacy». BBC World News. BBC. Henta 30. mars 2012. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Shane-Armstrong 2003, s. 216.
  3. Lien-Hang 2012, s. 54.
  4. Lien-Hang Nguyen (14. februar 2017). «Who Called the Shots in Hanoi?». The New York Times. Henta 14. mars 2017. 
  5. Sawinski 2001, s. 211.
  6. Tucker 2011, s. 637.
  7. Currey 2005, s. 229.
  8. Quinn-Judge 2002, s. 316.
  9. Ooi 2004, s. 777.
Bibliografi
  • Currey, Cecil B. (2005). Victory at Any Cost: The Genius of Viet Nam's Gen. Vo Nguyen Giap. Potomac Books, Inc. ISBN 9781612340104. 
  • Lien-Hang, Nguyen (2012). Hanoi's War. University of North Carolina Press. ISBN 9780807882696. 
  • Lomperis, Timothy J. (1996). From People's War to People's Rule: Insurgency, Intervention and the Lessons of Vietnam. University of North Carolina Press. ISBN 9780807845776. 
  • Tucker, Spencer C. (2011). The Encyclopedia of the Vietnam War: A Political, Social and Military History. ABC-CLIO. ISBN 9781851099610. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]