Le Grand Macabre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Le Grand Macabre (1974-77, revidert 1996) er ein opera skriven av György Ligeti. Operaen har to akter, med ein libretto av komponisten sjølv og Michael Meschke, basert på skodespelet La Balade du grand macabre skrive av Michel De Ghelderode i 1934. Originalspråket i librettoen var tysk, men operaen er skriven slik at det er uproblematisk å framføra han på andre språk, noko som har blitt gjort på mellom anna engelsk, svensk, fransk og italiensk. Ligeti meinte det var høgst nødvendig at operaen skulle framførast på morsmålet i framføringslandet, slik at tilskodaren lettast mogleg skulle kunna følgja teksten.

Etter at Ligeti overvar ei framføring av Mauricio Kagels antiopera Staatstheater, kom han til den konklusjonen at det ikkje lengre var mogleg å skriva antioperaer. Han bestemte seg derfor for å skriva ein "anti-anti-opera", ein opera som på ironisk vis tar føre seg både dei operatiske og dei antioperatiske tradisjonane. Verket utviklar seg, frå den korte overtyren med tolv bilhorn, til den avsluttande passacagliaen i klassisk stil, som ein kollasj av ulike lydmateriale. Ligeti gjer bruk av alt frå urbane bylydar (mellom anna frå den sterkt utvida perkusjonsdelen av orkesteret), til forvridde, små kutt frå Beethoven, Rossini og Verdi, og pakkar det heile inn i ein lett humoristisk setting, spekka med ironi og motsetnadar.

Hovudemnet i operaen er døden, og hovudfiguren er nettopp døden, inkarnert som bass-barytonen Nekrotzar. Han kjem til ein skyskrapar-by, der gatene er oversumte av søppel og uteliggjarar. Saman med ein alkoholikar og ein astrolog reiser han til Prins Go-Gos slott, der ein serie usamanhengande scenar stiller spørsmål ved om dei ser verdas nært føreståande undergang, eller om det heile har vore ein farse.

Le Grand Macabre hadde premiere i Stockholm 12. april 1978, og har blitt framført i 30 ulike produksjonar. Den reviderte utgåva hadde premiere i Salzburg 28. juli 1997.

Persongalleri[endre | endre wikiteksten]

  • Piet The Pot (Piet vom Fass); karakter-tenor
  • Amando (Spermando); mezzosopran
  • Amanda (Clitoria); sopran
  • Nekrotzar; bass-baryton
  • Astradamors; bass
  • Mescalina; character mezzosopran
  • Venus; høgkoloratur-sopran
  • Chief of the "Gepopo", the Secret Political Police; høgkoloratur-sopran
  • Prince Go-Go; kontratenor
  • Ruffiack
  • Schobiack
  • Schabernack
  • White Politician; karakter-tenor
  • Black Politician; bass-baryton

Orkester[endre | endre wikiteksten]

Operaen er skriven for stort orkester, med ein svært stor perkusjonsavdeling som omfattar uvanlege gjenstandar i tillegg til vanlege orkesterinstrument.

Perkusjon:

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]